Klokka 10 vart Mari, Maria
og Kjetil køyrd til SMCC for å jobbe med bloggen, og Ingvild, Anne
Berit og Odd Ragnar køyrde vidare til nasjonalmuseet i sentrum. Der fann vi alle dei flotte og kjende afrikanske dyra til utstilling, men også
mange dyr vi aldri hadde sett. Dei hadde ei avdeling med eldgamle
hovudskallar frå våre forfedre som levde for 1,5-2 millionar år
sidan, som alle var gravne opp i Kenya. Elles hadde dei nesten alle
900 fuglesortane som finst i landet, ei avdeling med Kenya si nyare
historie, og til slutt ei avdeling om livets gang, t.d. korleis dei
feirar at eit barn er fødd.
Vi plukka opp gjengen på
SMCC for å ete lunsj på Cawaal. Dei hadde jobba godt med bloggen
medan dei andre var på museum. Deretter dro heile gjengen tilbake
for å nytte seg av det vesle badeanlegget på SMCC. Vi var
forsiktige med solinga, sidan dei fleste av oss blei solbrente i
nakken og skuldrane i går, til tross for iherdig smøring. Vi såg
at mørke skyar nærma seg, så vi skunda oss å bade litt, men
heldigvis tok det ca to timar før regnet faktisk kom, og då kom det
mykje! Vi fann også tid til å hoppe på trampoline. Kl 18 gjekk vi tilbake til Cawaal for å ete middag og pakke til Mombasa-turen.
Vi har det veldig fint, og håpar alt er bra med kjente og kjære heime i Noreg. Klem frå Kenya-gjengen <3
Hei!
SvarSlettNok ein gong stor takk for interesanne blogger og flotte bileter! No har vi byrja å glede oss til heimkomsten dykkar.
Helsing KJ.
Hei!
SvarSlettSer ut som dokke har det heilt fantastisk i Kenya :) eg var med på same turen i fjord, å det var heilt fantastisk! Missunne dokke masse :) kos dokke resten av tida i Kenya. Kan ikkje tru at det e over et år sida eg var der ;)
Silje