søndag 19. februar 2012

Dag 21 - Tefabrikk, Thomson's Falls og Menengai Krateret

I dag stod frukosten klar kl. 07. Ingenting å seie på frukostbuffeen. Speilegg, bacon, pannekaker, sjokoladekjeks og kyllingvingar er berre eit lite utval av mat som fann vegen til tallerkane våre. Klokka 08 hadde vi avtalt å vere tilbake ved Gathuthi Tea Factory. Sjeldan har uttrykket hell i uhell passa bedre. Dagen i forkant fekk vi ein grundig introduksjon av tefabrikken, og kva prosessar dei ulike maskinene utførte. I dag fekk vi i praksis sett korleis dei fungerar. Kan vel konkludere med at å produsere te er ein litt meir avansert prosess enn mange kanskje trur. Vi fekk sett korleis dei skil teen i fire forskjellige kornstorleikar og tre forskjellige fiberstorleikar. Ulike land/verdsdelar føretrekk forskjellig typar te, t.d. vil eit land som Pakistan hovudsakleg importere ein annan te, kontra f.eks. Norge. Også i dag vart det gjort store innkjøp av teposar. Familie og vener har noko å gle seg til!

Knusing av teblad etter tørking i 6-12 timar



Kvalitetssikring!

Etter besøket på GTF, humpa vi vidare mot Thomson's Falls. Vi kjørte i eit par timar før vi kom fram dit. Vegstandarden i Kenya har fortsatt ikkje blitt særleg bedre over natta, så Donald-kuler og støl muskulatur jobbar vi fortsatt knallhardt med. Thomson's Falls er ein av dei høgaste, om ikkje den aller høgaste, fossen i Kenya. Den var veldig flott å sjå på og vi tok mange bilete. Vi brukte ikkje meir tid enn nødvendig til å studere denne fossen på grunn av innpåslitne selgarar, så vi skunda oss opp til restauranten like ved og åt lunsj.



Etter lunchen køyrde vi ein times tid, før vi var framme ved Menengai Crater. Og for ei skue! Trur nok dei fleste av oss, sjølvsagt med unntak av Odd-Ragnar, hadde forventa ein mindre vulkan.. Ikkje mindre enn 90 km² dekker dette krateret. Dei lærde stridast litt om sjølve betegnelsen, og mange vil påstå at det eigentleg er ein kaldera. Vi fekk opplyst at siste utbrudd skjedde for 350 år sidan. Ved utkikksposten vart vi også møtt av meget innpåslitne selgjarar. Dei nærmast bokstaveleg talt trykte varene sine opp i ansikta våre. Usikker på om det er eit spesielt godt sjakktrekk... I det minste fekk vi ei god unnskyldning til å dra i all hast, då det plutseleg starta å blåse og regne. Faktisk fekk vi ei skikkelig regnskur som varte i omlag 30 minutt, vårt første skikkelige møte med regn her i Kenya. 



Tilbake i bilen kjørte vi omlag to timar før vi var framme ved overnattingsstaden vår i Naivasha. Her vart vi møtt med store skilt som forbaud oss å vere ut på kveldstid, pga. ville dyr. Vi drista oss til ein liten spasertur i skumringstida og fekk m.a. sjå apekattar og ein giraff! I morgon står båttur på Lake Oloindian, samt ein fjelltur på Mt. Longonot for tur.

Kwaheri,
Helsing Kenya-gjengen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar