Klokka 11.30 var vi framme
på Scripture Mission Voi der vi skulle ete lunsj. Lunsjen skulle
eigentleg vere klar klokka 11.00, men det hadde visst ikkje dei på
Voi forstått, derfor blei det fabrikkbesøk før lunsj. Fyrst var vi
på besøk på ein sisalfabrikk. Der gjekk vi raskt gjennom
produksjonen. Fyrst køyrde dei sisalblada gjennom ei maskin der dei
skilte ut fibera. Så hang dei det opp til tørk og sorterte fibera i
tre kvalitetar. Det blir bl.a. brukt til tau, teppe og fyll i
madrasser. Så mjukna dei det opp og pakka det. Vi fekk også sjå
korleis dei spinn tau, men dette var kun til eget bruk.
Sisal-planta
Tørking av sisalfiber, nesten som hesjing!
Powernap?
Til høgre: stive fibrar. Til venstre: mjukare og ferdig sisalfiber
Så reiste vi vidare til
ein appelsinfarm. På vegen såg vi også dei enorme områda dei
hadde med sisalplanter. På farmen fekk vi smake dei saftige
appelsinane, og vi fekk også med oss smaksprøve. Etter dette køyrde
vi tilbake til Scripture Mission der det endeleg var tid for lunsj.
På veg dit dukka det plutseleg opp ein heil haug med kamelar
som var på gjennomreise. Rundt klokka 14.15 var vi klare til å
fortsette resten av reisa tilbake til Nairobi. På turen blei det ein
god del soving, og elles var det mykje flott natur å sjå. Litt
etter klokka 20.00 var vi endeleg tilbake på Cawaal, der vi åt
middag, diskuterte morgondagen og pakka. Dette er siste natta i
Kenya, og i morgonkveld startar den lange reisa tilbake til Noreg.
Tida i Kenya har gått utruleg fort, samstundes som det merkast at vi
no har vore ute og reist i fire veker. Det har vore ein tur med mange
inntrykk og mykje lærdom, men no er alle klare til å komme heim til
Noreg og kjende omgjevnadar.
Små og grønne, men modne appelsinar!
Kwaheri,
Kenya-gjengen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar