I dag fekk vi sove heilt
til klokka halv 7! Frukosten stod på bordet klokka 7 og avreise frå
SMCC var klokka 07.45. I dag skulle vi besøke Thogoto Teacher
Training College, som er ein lærarhøgskule i Thogoto. Det tok ca
ein halv time å køyre til dit.
Då vi kom til høgskulen
vart vi møtt velkomne av rektor og andre lærarar ved skulen. Etter
at dei hadde fortalt litt om skulen og vi hadde introdusert oss
sjølve, vart det omvising på skuleområdet. Det var eit veldig
stort og fint område som låg ganske skjerma frå trafikk og andre
forstyrringar. Staden var i grunn nokså idyllisk. Dei hadde eigne
dyr og eit stort område for idrettsaktivitetar. Skulen er ein
internatskule, og dei er opptekne av at studentane skal vere i
aktivitet etter skulen. Det virka som om der var eit godt miljø,
både mellom studentane og mellom studentane og lærarane. Skulen er
vidare sponsa av styresmaktene, så da er den i grunn gratis, men
studentane måtte sjølve betale for å bu på internatet. Til saman
budde der 620 studentar og dei budde på avskilte gute- og jentebygg,
der kvart rom hadde plass til 4 stk. Romma var vidare berre avskilt
med eit forheng.
Etter omvisinga bar det
ned på microstudioet deira, der Kjetil skulle i elden. Det gjekk ut
på å undervise for ei lita forsamling i ca 10 minutt, der alt vart
tatt opp på film. Poenget med dette er at ein skal analysere korleis
ein underviser og deretter vidareutvikle seg. Der var også ein frå skulen
som gjennomførte same opplegget, slik at vi kunne samanlikne dei ulike
metodane som dei brukte. Kjetil var veldig flink og fekk mykje skryt
av både dei kenyanske og norske lærarane. Tett før vi skulle
avslutte, kom også Nils Magne Magerøy, ein annan lærar vi har i
Volda, til TTTC. Han skal vere med oss i nærmare to veker.
Då alle tilbakemeldingar
var gitte, var det tid for ei te-pause før vi tok del i ein
undervisningstime (som varte i to timar!) i historie. Den handla sjølvsagt om då
europearane kom til Afrika, og vi fekk sjå korleis dei såg på
koloniseringa, noko som var nye erfaringar for oss. Overraskande nok
såg dei mest på dei positive sidene ved kolonialiseringa, kanskje i
motsetnad til den europeiske versjonen som kan vere knytt til dårleg
samvit og kan dermed få ein meir negativ haldning til temaet. Så
var det tid for lunsj.
Etter lunsjen samla vi oss
saman med utvalde kenyanske studentar i ein stor hall. Dei var 30 stk
og vi berre 5, så kvar av oss fekk 6 studentar vi skulle samtale om
lærarutdanning med i ca 30 min. Det var veldig interessant og tida
gjekk fort. Vi fekk lære mykje om det kenyanske utdanningssystemet
og dei fekk lære mykje av oss òg. Det vart også ein del taking
av bilete før vi igjen samla oss i den store hallen. Der vart det
ein del takketalar og vi delte ut gåver som vi hadde med frå Noreg.
Dette var ein fotball og eit sett fotballdrakter frå Volda Fotball,
samt norsk melkesjokolade slik at dei også kunne få smake eit lite
stykke Noreg. Vidare var det takketale etter takketale, noko som
heldt på i om lag ein time. Grunnen til at kenyanarane fokuserer så
mykje på å takke besøkande, er fordi dei ser på det å få besøk
som ei velsigning, og så er det ekstra spesielt med kvitingar (mzungu) på besøk.
Resten av ettermiddagen og
kvelden bada vi i bassenget som vi har her på SMCC, åt middag,
pakka til turen til Chesta og loggskriving.
NB! Det kan verte ei stund til vi får skrive blogginnlegg igjen, då vi skal
stadar der det er dårleg eller ingen internett.
Hakuna matata!
Helsing Kenya-gjengen!
Takk for flott informasjon! Safari njema!
SvarSlettUlf.