lørdag 11. februar 2012

Dag 7 - Reisa til Pokot

I dag stod vi opp i 5-tida, då det var frukost klokka 05.30. Kvelden før hadde vi heldigvis pakka bagane og ryggsekkane som vi skulle ha med oss på turen. Vi skal vere borte frå Nairobi i litt over ei veke, då vi først skal innom Chesta og vidare il Kapenguria, Kitale, Kisumu ved Victoriasjøen og til slutt nasjonalparken Masai Mara før vi reiser tilbake til Nairobi igjen. Denne dagen skulle altså gå med til å køyre til Pokot – ein køyretur på ikkje mindre enn 12 timar.

Vidunderbilen! Kjem seg fram overalt!


Klokka 06.05 starta vi å køyre nordvestover til Nakuru. Grunnen til av vi starta så tidleg var for å unngå rushtrafikken om morgon og samstundes kome fram til Pokot før sola gjekk ned. På vegen stoppa vi og såg på Rift-kanten som markerer Rift Valley. Dette er ein plass der to kontinentalplater glir frå kvarandre, noko som gjer at jordoverflata sekk og skapar ei stor slette (graben). Rift Valley går gjennom Mosambik, Malawi, Tanzania, Kenya, Etiopia, Raudehavet, den Arabiske halvøya og heilt opp til Israel. Denne rifta kan ein sjå heilt frå månen!

Odd Ragnar med Rift-kanten i bakgrunnen


I Nakuru tok vi av mot Eldama Ravine, og på vegen mot Eldoret stoppa vi på Ekvator! Mari og Anne Berit stod i bru over nullmeridianen med hendene på den nordlege halvkula og beina på den sørlege halvkula. Vi tok mange bilete og kosa oss mykje!



Eit lite stykke vidare på vegen, stoppa vi og åt lunsj som vi hadde tatt med oss frå SMCC. Der var det veldig fint med ei elv rennande forbi og saudar og esel som gjekk og beita. Området likna nesten litt på Noreg med granliknande tre i det fjerne. Denne plassen låg på heile 2445 m.o.h.


Etter lunsjen køyrde vi vidare mot Eldoret. Vi sovna av og til på turen, det vil seie alle uten om Odd Ragnar som hadde alt for mykje spennande landskap å sjå på då han er ein entusiastisk geograf. På turen har vi opplevd mange «nesten-krasj» med andre bilar, dyr eller menneske. Men vi har heldigvis ein dyktig sjåfør, så vi klarte å smette unna alt saman. Ein gong vart vi til og med forbikøyrd av to bussar, ein på kvar side riktig nok, då vi køyrde på ein trefeltsveg. Det var nokså spesielt!

Frå Eldoret køyrde vi mot Kitale og Kapenguria, og tok då vidare av mot Chesta (ei lita landsbygd ikkje så langt frå Lomut). Til no hadde vegane vore greie, men etter den avkøyrselen vart vegane utruleg humpete! Ingen av oss har køyrd på ein så humpete veg før, og alle lova å aldri klage på nokon norsk veg igjen! Skikkeleg rumpemassasje på ein veg som minna meir om eit vaskebrett enn ein bilveg. 

 
Etter nøyaktig 12 timar og 2 minutt var vi endeleg komen fram til der vi hovudsakleg skulle bu i Pokot-distriktet dei tre første dagane: Chesta Guesthouse. Dette er eit hus som vart bygd på 1970-talet av norske misjonærar. Huset ligg på ca 1300 m.o.h. Der fekk vi ein varm velkomst av driftsleiaren Lawrence og to kvinnlege arbeidarar. Vi fekk te og utruleg god og søt mango! Dette koste vi oss med ute på terrassen der vi hadde ei fantastisk flott utsikt! Det var utruleg deilig å slappe av etter ein lang dag med berre køyring. Vi fekk også tilbod om brus, anten Coca Cola eller Fanta i glassflasker på 500 ml. Desse kosta berre 50 shilling (3,50 NOK), noko som vi alle vart begeistra for. Litt seinare var middagen klar og då stod geitekjøtt på bordet saman med ris, poteter og kål. Dette var faktisk veldig godt, då kjøtet var mørt og saftig. Etter middagen satt vi inne og prata litt før vi gjekk og la oss. 

 
Kwaheri,
helsing Kenya-gjengen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar