Vi køyrde til Kemubu Farm
der vi vart godt tatt i mot av bonden James Kemubu. Dette var ein
liten gard, men dei produserte og dyrka utruleg mykje og utnytta den
jorda dei hadde veldig godt. Der var det ingenting som gjekk til
spille! Vi vart vist rundt på garden av James og kona der dei
forklarte og vi fekk sjansen til å stille spørsmål. Det første
dei viste oss var dei tre kyrne som dei brukte til mjølkeproduksjon.
Det som slo oss ved desse var at det såg ut til at dei hadde det
veldig godt med masse god mat, rein innhegning og til og med
madrassar til å sove på! Dei brukte også avføringa til kyrne til
å lage biogass. Dette var noko av det som imponerte oss mest med
denne garden. Biogassen brukte dei til gassbrennarane som dei laga
mat på, samt belysning. Ein skulle tru at denne prosessen lukta, men
der var faktisk inga lukt i det heile! Denne måten gjenbruk er
utruleg miljøvennleg då dei ikkje treng å hogge ned tre for å
få ved til matlaginga. Dei sparte også ein del pengar i straum på
dette, og sidan det ikkje luktar vondt heller, kan ein seie at det
også er nabovennleg. Dette var altså ein vinn, vinn, vinn
situasjon!
Kyra ligg å chillan på madrassa
Ein del av biogassprosessen
Vidare hadde dei også to
kalvar på garden, sauder, høner og kaninar. James og kona verka
veldig entusiastiske for det dei dreiv med og var villige til å
prøve nye ting og skaffe seg kunnskap. Dei hadde til dømes også
drivhus på garden der dei dyrka tomatar, og inn i mellom desse
tomatplantene planta dei løkplantar som skulle hjelpe tomatplantane
mot infeksjonar frå insekt m.m. Dei dyrka også mais samt gras til
kyrne sine. Vidare laga dei kompost som dei brukte i dyrkinga. Alt
dette som dei dyrka og produserte brukte dei sjølv, men det som er
til overs selde dei. På denne måten er denne garden ei blanding
mellom sjølvbergingsjordbruk og marknadsstyrt jordbruk. Pengane dei
tente brukte dei vidare til å betale for ungane sin skulegang. Det
kom godt med då dei hadde seks born.
Etter besøket ved denne
garden, køyrde vi vidare til eit mjølkesamvirke som tilhøyrde
dette distriktet. Her kjøpte dei mjølk frå medlemmane sine (lokale
bønder) som dei pakka, marknadsførte og selde vidare. Kooperasjonen
har no 9 000 medlemmar med 4 000 leverandørar. 80 % av det dei tente
gjekk tilbake til bøndene, og leiaren for dette samvirket vart vald
av dei aktive medlemmene som har ei stemme kvar. Vidare i dette
lokalet produserte dei også kraftfor som bøndene kunne kjøpe på
kreditt, og dei hadde også ein veterinær som medlemmane kunne bruke
til ein lågare pris enn vanleg.
Då vi var ferdig med
omvisinga køyrde vi til Kenyatta University, der dei fem kenyanske
studentane studerer miljøplanlegging. Universitetet her var enormt stor
med mange bygg for alle moglege slags utdanningar! Det første vi
gjorde då vi kom var å setje oss ned på eit klasserom der vi fekk
utdelt fire refleksjonsoppgåver om det vi hadde sett og erfart i dag.
Vi gjekk saman med kvar vår kenyanske student og snakka om dette. Då
vi var ferdig med oppgåvene, gjekk vi ned til eit anna bygg der
musikkstudentar opptredde for oss. Vi fekk sjå mange ulike
tradisjonelle musikkinstrument frå ulike delar av Kenya medan dei
spelte, song og dansa for oss. Dette var verkeleg stilig!
Vi overnatta i gjestehuset
til universitetet, noko som minna meir om eit hotell enn gjestehus.
Vi fekk utdelt kvart vårt enkeltrom med eige bad, og måltida åt vi
i restauranten som høyrde til bygget.
I dag måtte vi dessverre ta avskjed med Nils Magne. Turen er over for hans del no, men vi møter han igjen i førelesingane heime i Volda. Det var kjekt å ha deg med, Nils! Takk for vitsar og godt humør!
I dag måtte vi dessverre ta avskjed med Nils Magne. Turen er over for hans del no, men vi møter han igjen i førelesingane heime i Volda. Det var kjekt å ha deg med, Nils! Takk for vitsar og godt humør!
Alt i alt ein veldig
interessant dag!
Helsing Kenya-gjengen!
Helsing Kenya-gjengen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar