søndag 12. februar 2012

Dag 8 - Helsestasjonen i Chesta, marknad og fjelltur til Sagat

I dag var det eit tettpakka program. Det fyrste vi gjorde etter frukost var å vitje helsestasjonen i Chesta. Denne dekker eit område på heile 30 000 mennesker! Både dei som bur oppe i fjella, og dei nede på slettene må kome hit for å få behandling. Nokre kan ha ein veg på opptil 50 km. Når ein tenkjer over kor stort område denne stasjonen skal dekkje, var det ganske utruleg å sjå det lille lokalet. På eit lite rom kan det føregå både vaksinering, labratorium og fødsel samstundes. Dei vanlegaste sjukdomane er malaria, tyfloid og lungebetennelse. Spesielt utsett er borna under fem år. Tyfloid er ein sjukdom som kan kome av dårleg drikkevatn eller dårleg hygene. På ein dag har dei kapasitet til å behandle 30 pasientar og gje 200 vaksiner. Helsestasjonen har ope kvar dag, og det gjer at dei få tilsette ofte har lange arbeidsdagar. Ein har eit prinsipp om at ein skal dele på utgiftene, ein krev difor ein eigenandel frå pasientane. Noko særeige ved denne helsestasjonen er at ingen vert nekta behandling om dei ikkje kan betale for seg. Dei får då moglegheita til å gjere opp for seg seinare. I praksis er det eit underskot på 70-100 000 shilling per år. (Delt på 14 er det mellom 5000 og 5500 NOK) Ein del av dette får dei dekt gjennom kollekt frå kyrkja, og noko gjennom gåver, men økonomien alltid utgjer ei utfordring. Det var verkeleg imponerande å høyre om dette arbeidet. Dei gjer ein stor innsats - trass i dei mange utfordringane.


Etter lunsj var det tid for å reise på marknaden her i Chesta. Vi køyrde bil, og på vegen såg vi mykje folk som var på veg hit. Dei kom frå heile området rundt. Det var folk som budde langt oppe i fjella, og nomadar frå sletta. Mange kvinner bar tunge bører med varer dei håpte å få selje her. Andre hadde med seg geiter, høns, kveg og esel med fullpakka last. Marknaden var veldig spanande. I eit område sat det kvinner som selte kle i alle slags fargar. Når vi gjekk litt vidare kom vi til matavdelinga. Her selte dei mykje korn. Litt lenger borte var dert sal av geiter og kveg. Det var og ein eigen stad for sal av tobakk. Marknaden var full av liv, og det var mykje rart ein kunne få kjøpt her. Då vi hadde gått gjennom området, køyrde vi opp igjen for å ete, og gjorde oss klare for å gå opp til Sagat.

Halv tre var vi pakka og klare for å gå opp til Sagat. Det er eit lite samfunn som ligg oppe i fjellet på 2450 meters høgde. Vi hadde bærarar frå Sagat som viste oss vegen. Vi starta å gå frå der vi budde i Chesta. I byrjinga var det svært varmt. Vi var slett ikkje like godt vane med denne varmen som dei. Nokre av dei som bar sekkane våre gjekk i slippersar. Hadde det ikkje vore for oss hadde dei nok gått mykje raskare. Det var ein utruleg flott natur rundt oss, og mektige fjell. Det var mykje tre og busker, men jordsmonnet på bakken var svært tørt. Det var difor lite gras, men tre -og buskvegetasjonen klarer seg bra, pga. djupare røter. At denne vegetasjonen vert teke i vare i slike områder er svært viktig. Dersom den blir teke vekk, vil jorda bli lite motstandsdyktig mot erosjon. Tre er også svært viktig for å halde på regnvatnet, og hindre at alt renn vekk. Dei som bur oppe i fjellet har mykje betre tilgang på vatn enn dei nede på sletta, som må gå langt for å finne vatn. Då vi gjekk oppover fjellet, kom vi over fleire små bustadar. Desse gjekk nesten i eitt med naturomgjevnadane. På avstand kunne ein ikkje sjå at folk budde her oppe. Etter fire timar var vi komen opp til Sagat. Sola var på veg ned, og det var ei ubeskriveleg utsikt! Enda meir fasinerande var det lille samfunnet her oppe. Det var mange små bustadar, og ute gjekk høner, esel, geiter og kveg. Det verka svært idyllisk, men dei har ein ufatteleg lang veg ned til Chesta når dei skal på marknad eller om dei må til helsestasjonen. Til middag fekk vi kylling og ris. Vi tok ein tidleg kveld, klare til å stå opp tidleg neste dag. 






 Framme i Sagat


Kwaheri,
helsing Kenya-gjengen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar