Etter ei lita stund gjekk
vi inn i eit bygg der vi fekk informasjon om senteret og dei tre
ulike sortane giraffar som finst. I denne parken hadde dei
Rothschild-giraffar. Formålet til parken var å redde denne rasen,
då den er svært truga. Vi fekk sjå og ta på skjelett av ein kjeve
og eit tibia (leggbein) samt ein prototype av ei tunge som kan verte
opp til 45 cm lang. Vidare såg vi også litt på skjelpaddene som
dei hadde. Før vi reiste tilbake til SMCC, kika vi og handla litt i
suvenirbutikken på senteret.
Tilbake på SMCC åt vi
lunsj rundt klokka 13.30. Etter det var alle studentane einige om at
vi ville slappe av på området resten av dagen, medan Odd Ragnar og
Nils Magne tok seg ein tur på eit museum. Fram til klokka 16.45 satt
vi alle saman nede ved bassenget og kosa oss. Då gjekk Kjetil og
Maria for å spele fotball, medan dei andre låg att ei lita stund
til før dei vidare arbeida med bloggen. Klokka 19.00 møttest alle
til middag, og då var også Odd Ragnar og Nils Magne tilbake på
SMCC. Til dessert skar Odd Ragnar opp eit sukkerrøyr som han hadde kjøpt på gata i dag. Det var som å ete rabarbra med sukkersmak. Her i Kenya er ungane veldig glade i å knaske på det, men vi var ikkje heilt overbeviste om at dette var det nye laurdagsgodteriet for oss.
Resten av kvelden gjekk
til skriving av dagbøker og publisering av blogginnlegg, sidan vi endeleg hadde Internett igjen.
Helsing Kenya-gjengen!
Helsing Kenya-gjengen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar