søndag 12. februar 2012

Dag 11 - Forelesningar, CaBeSi og Alfred's Curio

I dag vart frukosten servert klokka 07.30, så klokka 06.45 måtte vi stå opp sidan vi var 7 stykker som skulle dele på ett bad. Etter frukosten stod 2 forelesningar for tur, begge om Pokotkulturen. Den første starta kl. 09.00 og varte i ca. ein time. Denne forelesninga hadde mykje fokus på kvinna. Katima Debrah var namnet på forelesaren, og ho hadde sjølv ein bakgrunn frå Pokotdistriktet.
Mellom dei to forelesningane hadde vi ein times pause. Denne pausa nytta vi til å vaske litt kle, og til å ta oss ein kopp te med mandazi (en smultringliknande sak) til. Kl 11.00 starta neste forelesning som varte i 2 timar og handla meir generelt om Pokotkulturen. Apakamoi Psinon Renson (valfri rekkefølge visstnok...) var namnet på ein engasjert og flink forelesar. Munnen gjekk konstant i to timar, så vi fekk vite mykje om den allerede omtalte Pokot-kulturen.


Rundt kl 13.30 var det duka for lunsj. Vi fekk servert lapskaus og chapati. Snadder! Etter lunchen var vår eminente bussjåfør, Rufus, på plass ved KBC. Han kjørte oss først til CaBeSi. Dette er eit satsningsprosjekt for å heve den økonomiske situasjonen i samfunnet med lokale råvarer. CaBeSi står for kamel, bie og silke. Den største hovudinntekta kjem frå produksjon av honning og bivoks. Prosjektet er sponsa av ein sveitsar sidan 2004 og gjeld ut dette året. Men bedrifta går bra, og etterspurnaden er større enn det dei klarar å produsere, så det lover bra for vidare produksjon. 


Bivoks står og størknar

Etter stoppen ved CaBeSi, stod besøk hos Alfred for tur. Alfred er ein lokal kunstnar som har ein liten kunstskule med plass til maksimalt ti studentar. Vegg i vegg med kunstskulen har han også eit butikkutsal. Her kunne vi finne flotte maleri, samt diverse pynte- og bruksgjenstandar. I fjor hadde han til og med ei kunstutstilling i Oslo. Til tross for at vi berre er fem studentar på tur i år, fekk han tent seg ein del shilling denne dagen, då fleire fell pladask for verka hans.




Denne kunststudenten satt på golvet og fullførte dette måleriet medan vi var innom

Etter dette besøket var det tid for vårt andre minibankuttak her i Kenya. Standard Chartered vart i dag bytta ut med Barclays, som på ingen måte leverte same kvalitet. Vi måtte vente minst fem minutt mellom kvart uttak, og Odd Ragnar opplevde også ein del trøbbel med sitt uttak, då pengane aldri kom ut. Imponerande? I/we think not. Barclays 0 – Standard Chartered 1. (ps: internt)

På kvelden vart Ingvild, Maria, Nils og Kjetil med nokre lokale studentar ved KBC for å spele volleyball, medan resten brukte tid på blogg og dagbokskriving. Til kvelds vart vi servert pasta og kjøtt, nok ein gong eit herremåltid!

Kwaheri,
helsing Kenya-gjengen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar