mandag 13. februar 2012

Dag 13 - Kisumu, sukkerfabrikk og Victoriasjøen

I dag var vi på vegen litt før klokka 7. Vi hadde pakka alt klart dagen før, så no trengte vi berre å lempe alt inn i bilen. Vi har i grunn blitt nokså flinke på å pakke inn og ut av koffertane våra – trening gjer meister! Vi klarte å halde oss vakne ei lita stund, men smått om senn tok søvnen over. Køyreturen varte i om lag 5 timar frå KBC til Thessalia, staden vi skulle overnatte denne natta. På vegen stansa vi innom ein bensinstasjon for å fylle diesel, ta ein snartur innom do og kjøpe oss litt snacks. Vi kryssa også Ekvator like før Kisumu, og er igjen på den sørlege halvkula.

Thessalia Mission Guesthouse ligg på ein liten ås inn i mellom store åkrar der dei dyrkar sukkerrør. På denne plassen fanst det mange gjestehus, ei kyrkje, ein skule og ein helsestasjon. Vi fekk tildelt eit flott gjestehus med både stue, kjøkken og balkong med utsikt over dei endelause åkrane. Etter vi hadde kome oss på plass og funne ut kva rom vi skulle ha, åt vi lunsj. Deretter køyrde vi til ein sukkerfabrikk som ikkje låg langt unna. Der fekk vi omvising og fekk då følgje heile prosessen frå sukkerrør til ferdig produsert sukker dei sendte ut til butikkane. På denne fabrikken produserte dei både kvitt og brunt sukker, men akkurat no var det berre brunt sukker som var i produksjon. Forskjellen på kvitt og brunt sukker er at kvitt sukker går gjennom ein ekstra prosess der dei tilset SO2, så brunt sukker er dermed «sunnare» enn den kvite varianten. Før dei hamstra inn sukkerrøra fekk vi også lære at dei sette fyr på åkeren for å unngå slangar. Ein skulle tru at denne prosessen gjer kvaliteten på sukkeret lågare, men det gjer det altså ikkje.

Gjestehuset vi budde i


Levering av sukkerrør


Inne i fabrikken


Etter omvisninga køyrde vi inn til Kisumu. Dette er Kenya sin tredje største by. Vi stoppa midt inne i byen der vi handla inn drikke og snacks til safarituren som vi har framfor oss i morgon. Vi forvilla oss også innom ein sportsbutikk der dei hovudsakleg selde mange ulike fotballdrakter + anna treningstøy. Her vart Liverpool drakt og flagg kjøpt inn, samt ein treningsgenser.

Då vi var ferdig med å handle, køyrde vi ned til Victoriasjøen. Dette er den 2. største ferskvassinnsjøen i verda etter Lake Superior i Canada. Til denne innsjøen grensar både Kenya, Uganda og Tanzania, der Kenya berre har 6 % av innsjøen innan for landegrensa si. Då vi kom ned til vasskanten stod der ein gjeng med ivrige kenyanarar som ville ha oss med på båttur. Dette gjekk vi med på etter nokre diskusjonar om prisen. Heldigvis er Odd Ragnar ein sabla god forhandlar og båtturen vart dermed ikkje meir enn 500 ksh på kvar (35 NOK). 

Båtturen var berre heilt fantastisk! Den varte i 1 time og 20 minutt og vi fekk sjå mange ulike fuglar, plantar og ikkje minst solnedgangen. Det var utruleg nydeleg då sola, som den store eldkula ho er, dalte ned i horisonten og skapte flotte fargar på omgivnadene og ei nesten magisk stemning. Vi fekk alle ei slags luksuskjensle då vi satt i båten og høyrde bølgjeskvulp og kjende den herlege kveldsbrisen kome inn over oss. Alt i alt, ei utruleg flott oppleving for oss alle!


Full avslapping :-)






På området der vi leigde båt var det også eit hotell med badebasseng. Sjefen hadde ein klar beskjed til gjestane:


Etter denne flotte opplevinga, køyrde vi tilbake til Thessalia. Der stod middagen klar og det var ikkje noko mindre enn norske kjøttbollar med gulrøter og poteter til! Her var det tydeleg at nordmenn hadde vore på besøk før. Middagen var nydeleg og ein perfekt avslutning på dagen.

Kwaheri,
helsing Kenya-gjengen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar