søndag 12. februar 2012

Kort om Pokot-folket

Pokot-folket bur i Vest-Pokot og Baringo-distrikta i Kenya. Basert på areal og kulturforskjellar, er det vanleg å dele folket inn i to grupper: dei som bur i høglandet (highlands) og dei som bur i lavlandet (semiareas). Dei som bur i høglandet livnærer seg hovudsakleg av kvegdrift, medan dei som bur i lavlandet satsar på gjeting av kyr, geiter og sauer.

Pokotkulturen er ein gammal og konservativ kultur, der kvinna kun blir sett på som ei arbeidskraft. Mellom anna er det forventa at ho skal lage mat, hente ved, passe ungar, bygge bustad osv. Omskjæring er enno utbredt i denne kulturen, men utdanning er i ferd med å endre nokre av desse haldningane. Både jenter og gutar blir omskjert, men jentene blir omskjert for å bli klar til ekteskap. Jenter heilt ned i 11-12 årsalderen kan bli utsett for dette. Ei jente kan heller ikkje velge den ho vil gifte seg med, dette er faren sin oppgåve. Å få mange døtre blir sett på som positivt i Pokotkulturen, sidan dette vil gje foreldra gunstige fordelar ved giftemål. Til dømes kan det vere vanleg å motta kyr i gåve når ein giftar bort ei dotter. Ei kvinne har inga rett til å bli elska eller motta hengivenhet, sidan hennar hovudoppgåve er å fø borna.

Den totale befolkninga av dei som tilhøyrer Pokot-kulturen vil variere frå kjelde til kjelde, då dette er vanskeleg å måle. Men dei fleste kjelder opererer med tal rundt 300 000. Pokot-kulturen er ein kultur mange tek avstand frå, men den er fortsatt utbredt i store delar av Kenya.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar