mandag 13. februar 2012

Dag 14 - Gratis rumpemassasje og safari

I dag stod vi opp klokka 06.00. Vi pakka og gjorde alt klart til avreise, før vi åt frukost klokka 06.30. Etter frukosten pakka vi i bilen og byrja å reise mot Masai Mara National Park klokka 07.00, der vi skulle på safari. Den første delen av vegen dit var svært bra, men den siste delen, som tok om lag to timar vel og merke, var svært dårleg og likna vegen i Chesta som vi har lagt ut film av tidlegare. Støvet strøymde inn i bilen, og då vi kom fram låg det eit lag av støv over alt og alle.

Før vi kom fram til Masai Mara, stansa vi og åt lunsj som vi hadde tatt med oss. Den åt vi i skuggen under eit tre midt ute i bushen, det kjennest i alle fall slik ut. Etter kvart kom også to masaiar bort til oss og ville prate med sjåføren vår, Rufus. Kva dei snakka om har vi ingen aning om, då samtalen gjekk føre seg på kiswahili. Etter lunsjen køyrde vi vidare til Basecamp, der vi skulle tilbringe natta. Det einaste vi visste var at vi skulle overnatte i telt. Vi vart svært positivt overraska over det vi møtte. I "innkøyrselen" stod det "The Obama Forest", då Obama-familien hadde vore her og planta tre. Ved inngangen til området vart vi møtte av fuktige klutar på fat og deretter eit glas med utruleg god juice. Vidare fekk vi tildelt telt, og då vart vi enda meir positivt overraska. Soverommet var i eit stort telt under eit stråtak, som var så høgt at til og med Kjetil kunne stå oppreist! Bad og dusj var utanfor teltet. Stråtaket dekte badet, medan dusjen var under open himmel. Dette var utruleg stilig tillaga!



Etter ca 45 minutt med avslapping, var vi klare for safari klokka 15.00. Då opna vi taket på bilen, slik at vi kunne stå og sjå ut. Safarien var utruleg spennande, og vi køyrde rundt og "jakta" etter dyr. Nokre av dyra vi såg var sebra, gaselle, bavian, gribb, løve, bøffel, hyene og struts. Heilt til slutt fekk vi også sjå ein spennande del av naturens gang. Ein gjeng hyener hadde samla seg rundt ei gruppe med bøflar. Plutseleg fekk vi auge på ei svolten løve, og etter kvart dukka fleire løver opp og nærma seg bøflane. Hyenene samla seg og utfordra den eine løva. Vi fekk sjå løver som både brølte og anna. Vi rakk ikkje å sjå slutten på denne hendinga, då vi hadde brukt opp tida vår inne i parken. Campen vår låg nemleg litt utanfor sjølve nasjonalparken.




Tilbake på Basecamp fekk vi tatt ein rask og forfriskande dusj ute i skumringa, før vi åt middag klokka 20.00. I dag fekk vi servert ein 3-retters middag. Til forrett fekk vi ei nydeleg grøn suppe med brød til. Til hovudrett fekk vi kjøtt med potetmos og søtpotet, og til dessert fekk vi ostekake. Etter middagen fekk vi te, og ei dame som arbeida der informerte oss om plassen. Basecamp ligg utanfor nasjonalparken, men det er ingen gjerder eller murar som avgrensar dette området. Det har heller ikkje Basecamp, noko som gjer at ville dyr kan kome inn på området. På badet var til dømes handsåpa gjømt i ei skuffe slik at ikkje apene skulle kome og ta den. Ein fekk følgje av ein masai/vakt med spyd om ein skulle gå på området når det var mørkt, og dei gjekk også vakt på området heile natta. Det var berre å blinke med ei lommelykt om ein ville ut å gå i mørket, og då kom det ei vakt som kunne følgje deg. Grunnen til at dei ikkje gjerda inne området, er fordi dei vil ha det så naturleg som mogleg. Området er meir grønt og fruktbart enn tilsvarande områder rundt campen på grunn av at dei plantar tre og vatnar. Dette fører også til at det regnar meir i dette området. Basecamp er driven økologisk, noko som blant anna gjer at dei brukar opp att vatnet, til dømes til vatning av tre. Vatn er ein ressurs som dei ikkje kan sløse med, så i staden for vassklosset brukte dei heller tørrklosset for å ikkje bruke unødvendige mengder med vatn. Dei brukar også fleire solcellepanel for å forsyne området med straum.


Det vart ei svært spesiell natt på denne flotte staden, med mange spennande og nye lydar tett utanfor teltet vi sov i. Vi gler oss til ein ny dag med safari i morgon!




Kwaheri,
helsing Kenya-gjengen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar