søndag 19. februar 2012

Dag 17 - FN sitt hovudkontor i Nairobi og Mathare-slummen

I dag var ein innhaldsrik dag. Vi åt frukost kl 6, og køyrde så til FN sitt hovudkontor her i Nairobi. Å kome inn på området var ikkje berre, berre. Vi måtte innom fleire sikkerhetskontrollar. Det var eit enormt stort område, og vi starta dagen med å få litt omvisning her.




Vår fyrste førelsesing var med Jon-Andreas. Han fortalde om arbeidet sitt her. Det er i UN HABITAT, som er by- og ungdomsprogrammet til FN. Det er eit mangfaldig ungdomsprogram som har fleire ulike prosjekt. I år 2000 budde 47% av verdas befolkning i urbane område. Dette er eit tal som stadig auker. I Afrika skjer 40% av den urbane veksten i slumområda. Så mykje som 1/3 av den urbane befolkninga her bur i slummen. UN HABITAT sin visjon er å arbeide mot ei meir bærekraftig urban utvikling. Ein del av denne visjonene er å betre forholda for dei som bur i slumområder. Afrika har ei ung befolkning, samanlikna med til dømes Europa. Dei jobber med å aktivere ungdomen, og nytte seg av denne positive ressursen som dei utgjer. Lars Stordal var nestemann ut til å forelese. Han talte mykje om infrastruktur i framtidas byar. Vi fekk m.a. fortalt at 6 av 10 innbyggjarar i afrikanske byar bur i slumliknande forhold. Sanitærforhold og tilgang på reint drikkevatn var andre sentrale stikkord han prata kring. Den siste forelesaren var ein utflytta kenyanar ved namn Ghai. Han har budd mesteparten av livet sitt i Sveits, India og USA. Ghai arbeidar med UNEP, United Nations Environment Programme. Han fortalte om det arbeidet som blir gjort i UNEP, og kva utfordringar dei står ovanfor i framtida. Dette gjeld dei store spørsmåla kring klima og miljø. Vi diskuterte og dilemmaet mellom fattigdom og forurensing. Etter 3 timar med forelesning, bar turen vidare til lunch. Endeleg fekk vi i oss litt junkfood. Nokre bestilte Tex Mex Burger, medan andre gjekk for wrap eller salat. Blir aldri feil med litt junkfood i ny og ne.


Etter lunchen kjørte vi til Mathare-slummen. Denne slummen vert rekna for å huse kring 800 000 menneske, og er den nest største slummen i Kenya, etter Kibera-slummen. Det faktum at ein ikkje veit dei eksakte tala, er verdt å tenkje over. Det seier ganske mykje om dei store uoversiktlege områda, men også ein del om kva posisjon dei har i samfunnet. Sjølv om Kibera-slummen er større, er Mathare verre. Då vi fyrst kom dit, besøkte vi ei ungdomsgruppe. Dei hadde eit veldig ferskt prosjekt. Dei hadde byrja å bygge opp eit lokale for og av ungdomen her. Dei var ferdig med fyrste etasje då vi kom, med vaskerom og kjøkken. Vi fekk sjå skisser av korleis det ferdige bygget skulle sjå ut, og det såg veldig lovande ut. Når ein såg tilstanden i slummen, er det ikkje vanskeleg å forstå verdien av eit slikt prosjekt. Ungdomane bak dette prosjektet har vakse opp, og bur, i Mathare-slummen. Dei fortalde om prosjektet sitt med stor entusiasme. Etterpå gjekk vi vidare i slumområdet. Luktene her var ekstremt sterke, og dei budde for det meste i skur av papp eller diverse skrapmetall. Vi var også innom eit lite lokale der ei gruppe hadde starta med å kartleggje Mathare-slummen. Eit ikkje så reint lite prosjekt, og ekstremt krevjande. Ingen har til no hatt oversikt over kva som eigentleg finst her. Verdien av ei slik kartlegging vil vere viktig for å kunne lokalisere til dømes drikkestasjonar. Dermed vil ein kunne vite kva slags område av slummen som vil vere mest trengjande.

Ein liten brøkdel av Mathare-slummen



Men glade er dei heldigvis likevel!

Menneska vi besøkte hadde få, eller ingen, midlar å rutte med. Tilstanden i Mathare var endå verre enn dei vi fekk sjå i Pumwani for to veker sidan. Luktene var sterkare og inntrykka større. I Pumwani fekk vi sjå arbeidet til St. John's Community Centre. Vi fekk eit inntrykk av kor mykje slikt arbeid kan bety. Vi fekk òg sjå at det verkeleg hjelper, sjølv om omfanget og utfordringane er store. I Mathare var vi innom relativt ferske prosjekt som var starta opp. Likevel var dei svært stolte av dette, og vi får håpe at slike prosjekt sprer seg til andre delar av slummen. Når vi gjekk her var det mange sterke inntrykk. Heldigvis vart ingen av oss offer for "flying toilet". På grunn av fråværande sanitærforhold, er det vanleg å gjere frå seg i ein pose og kaste det vekk. Derav begrepet "flying toilet"... Elles er menneska i denne slummen veldig stolte av dei tinga dei har lukkast med, i staden for å fokusere på elende.

Eit av dei vellukka prosjekta: gjere søppelområde om til dyrkbar jord!


Døme på søppelhaug før prosjektet vart sett i gong




Då vi kom tilbake til SMCC gjekk tida med til blogging, dagbokskriving, klesvask, quiz ved Kjetil og pakking.

Kwaheri,
Helsing Kenya-gjengen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar