søndag 12. februar 2012

Dag 10 - Chesta Girl's Secondary School og tradisjonell dans

I dag fekk vi sove litt frampå. Det vil riktig nok seie til kl halv 8. Dei fleste hadde lagt seg tidleg dagen før, då vi var slitne etter fjelltur og vegen ned att til Chesta Guesthouse. Det gjorde at vi var nokså utkvilte, men også fulle av gangsperre i både rumpe, lår og leggar. Ein frukost beståande av pannekaker og frukt, saman med den uslåelege utsikta, gjorde derimot starten på dagen veldig god.

Kvart på 9 skulle vi eigentleg køyre frå Chesta Guesthouse for å besøke Chesta Girl's Secondary School, men på sjølve området der vi bur ligg også ein liten, og nokså nyoppstarta, lærarhøgskule. Denne skulen hadde vi lovt å kome innom fem minutt for å helse på dei, men desse fem minutta vart sjølvsagt lenger og først 20 minutt etterpå kom vi oss av garde.

Då vi kom fram til Chesta Girl's Secondary School, vart vi tatt godt imot av den kvinnelege rektoren og vi fekk også helse på ein del av dei tilsette ved skulen. Denne jenteskulen er ein internatskule, og jentene startar på Secondary School når dei er omlag 13 år gamle. Det går 365 jenter ved denne skulen no. Jentene som studerer ved denne skulen har anten søkt sjølve om å få gå her eller er redda av skulen. Denne skulen reddar nemleg jenter frå å verte omskjert og gifta bort ved å halde dei på skulen og gi dei utdanning. Jentene i Pokot-kulturen kan gjerne verte selde for 60 kyr (giftepris), men om dei har fått utdanning er ikkje dei så attraktive då ein syns dei er for sjølvstendige.

Skulen hjelper også foreldrelause jenter, og prøver å gi dei ei betre framtid. Primary School er gratis i Kenya (1.-8.klasse), og der går ofte både jenter og gutar. Men Secondary School er ikkje gratis (9.-12. klasse), og familiar prioriterer som oftast guten i familien til vidare utdanning, medan jenta skal vere heime og arbeide der. Dette vil Chesta Girl's Secondary School gjere noko med.

Skulen er også open i feriar for å beskytte jentene og la dei sleppe å reise tilbake til foreldra som vil gifte dei bort. Dette gjelder spesielt jentene som skulen anten har redda frå omskjering og tvangsekteskap eller dei som er foreldrelause. Skulen samtalar også med foreldra til jentene for å prøve å endre haldninga og synet dei har på døtrene sine. Skulen arbeidar altså for ei haldningsendring i lokalsamfunnet og gjer eit fantastisk arbeid for jentene. Rektoren ved denne skulen sa at dersom dei får utdanna ei jente i ein familie, er det stort sannsyn for at også dei andre jentene i familien vert skåna for omskjering og tvangsekteskap. Skulen følgjer også opp jentene fram til dei har fått seg jobb. Rektoren ved denne skulen er sjølv foreldrelaus og heldt på å verte utsett for det same sjølv, men klarte å rømme. Dette gjorde henne svært engasjert i arbeidet sitt.

Vi fekk omvisning på skuleområdet der mellom anna bustadhusa til jentene har namn etter norske byar; Oslo, Bergen, Tromso og Hastard aka Harstad. Grunnen til dette er at det var den norske ambassadøren som opna denne skulen i 2003 og fordi dette er eit viktig prosjekt for NORAD som sponsar denne skulen. Bustadhusa jentene budde i bestod av avskilte rom med 2 køysenger i kvart rom. Internatet har ikkje nok sengeplassar til alle dei 365 jentene, så det var ein del som delte senger. Skulen hadde vidare eit flott administrasjonsbygg, naturfagslaboratorium, eit splitter nytt datarom, bibliotek, og vanlege klasserom. 

 Eitt av internatbygga

Etter omvisinga gjekk vi opp på lærarrommet. Der fekk vi møte nesten heile lærarstaben og vi snakka mykje om utdanning og ulike samanlikningar mellom Noreg og Kenya. Dette var veldig interessant då vi fekk vite mykje om det kenyanske systemet og korleis til dømes lærarar fekk seg arbeid i Kenya i forhold til i Noreg.

På slutten av skulebesøket møttest både lærarar og elevar i den store matsalen deira. Der fekk vi storslagen underhaldning med ulike dansar og songar, og sjølvsagt ein heil del takketalar for at vi hadde kome på besøk. Jentene fekk smykker som dei hadde laga til oss, medan Kjetil og Nils Magne fekk pil og boge og Odd Ragnar eit langt spyd. Vi opptredde også med to songar, «Alle fugler» og «Jeg gikk en tur på stien». I tillegg gav vi ut gåver til skulen: eit sett med handballdrakter, ein handball, ein volleyball og eit volleyballnett samt T-skjorter. Tusen takk til VTI, Sparebank 1, John Willi (Vanylven IL) og Sport 1 Volda for å ha sponsa oss med desse gåvene!

Her har vi jentene fått på oss smykkene som vi fekk i gåve


Karane med pil og boge og spyd


T-skjortene


Handballdrakter, handball, volleyball, volleyballnett og t-skjorter


Etter skulebesøket køyrde vi opp igjen til Chesta Guesthouse for å pakke og ete lunsj. Då dette var gjort køyrde vi ned til ein plass der vi skulle få sjå tradisjonell Pokot-dans! Dette var utruleg artig å sjå på, og då dei var ferdig med å danse fekk også vi sjansen til å prøve å danse saman med dei. Mari, Maria, Ingvild, Kjetil og Odd Ragnar slengte seg med og vart utstyrt med stokk og smykker. Dette var utruleg artig, sjølv om kvaliteten på dansinga vår ikkje heilt kunne måle seg med deira.



Legg også merke til hola i øyra og manglande framtenner: to teikn på skjønnheit i Pokot-kulturen



Då vi var ferdig med å danse, vendte vi snuten mot Kapenguria. Då måtte vi tilbake same vegen som vi kom, noko som betydde ein real porsjon gratis rumpemassasje igjen. Vi brukte om lag 2 timar på turen til Kapenguria. Der overnatta vi på KBC (Kapenguria Bible Center). Vi fekk eit gjestehus som hadde plass til heile gjengen etter litt att og fram med flytting av bagasje og misforståingar. Rektoren på senteret ville nemlig ikkje at studentar og lærarar skulle dele same hus, då dei har eit meir markert skilje her i Kenya. Men Odd Ragnar fekk overtala han til at dette gjekk fint for oss. Då dette var oppklart, fekk vi servert middag i matsalen. Etter måltidet samla vi oss i gjestehuset, prata og reflekterte om dagen, samt skreiv dagbok og blogginnlegg.

Maria og Mari under myggnettingen


Lala salama,
helsing Kenya-gjengen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar