torsdag 23. februar 2012

Dag 25 – Treverkstad og Kaskazi Beach Hotel

I dag var vi på vegen frå Voi til Mombasa klokka 07, og etter 2 ½ time var vi framme ved Akamba Handicraft Industry Co-op Society Ltd. Dette er ein treverkstad der lokale handverkarar har slått seg saman og har no både verkstad og utsal. Der jobbar til saman heile 3 000 folk! Vi fekk gå inn på området der dei satt under mange små opne hus og laga flotte utskjeringar av ulike typar hardved som til dømes ibenholt. Det som fascinerte oss mest var det grove verktøyet dei brukte til å lage produkta sine og vidare detaljane på utskjeringane. Dette kunne vere alt frå store dyr til små skeier.




 Frå høgre til venstre: kisi-stein, grovt utskåre elefantar, kvitmåla elefantar og raudmåla elefantar


Etter kvart som vi gjekk rundt mellom husa, fekk vi sjå korleis dei laga dei ulike figurane. Vi stoppa opp ved ein som heldt på å lage eit sett med salatbestikk. På den eine enden av bestikket skulle han skjere ut ein elefant som pynt. Dette gjekk føre seg utan nokon slags teikningar eller målingar, alt vart gjort på frihand. Då vi var ferdig å sjå korleis dei laga produkta sine, gjekk vi bort til utsalet deira. Kvart produkt er merka med eit varenummer som er nummeret til den personen som har laga det. 80 % av prisen på vara får produsenten sjølv, medan resten går til drifta av verkstaden og utsalet. Inne på utsalet var det fantastisk mykje fint! Vi kjøpte alle noko som vi skal ha med heim, så no har nære og kjære noko å glede seg til!

Grove reiskapar!

 Ferdig resultat!


Då handlerunda var ferdig, retta vi snuten mot hotellet vi skal bu på dei neste tre nettene. Denne køyreturen inneheldt ein ferjetur i skikkeleg kenyansk stil. Vi stod 1 time og 3 kvarter i kø for å kome oss ombord ferja. Dette hadde sjølvsagt gått mykje raskare om vi hadde gitt kontrolløren "something small", men som ærlege folk vi er smørte vi oss heller med tolmod. Ferjene var opne og annleis frå dei norske ferjene vi er vande med. Kontrollørane tok på så mange bilar som dei ville, og fylte opp resten med passasjerar. Dei fekk for øvrig ta ferja gratis. Vi fann heller ingen sveler med brunost og/eller sukker på, men utanom det var ferjeturen i grunn nokså fin. Vi fekk sjå ut over havet og inn i havna i Mombasa, som faktisk er den 2. største hamna i Afrika!

Hundrevis av passasjerar som forlét den vesle ferja.


Etter ferjeturen køyrde vi om lag i ein time før vi kom fram til Kaskazi Beach Hotel. Det er fantastisk flott med eit stort badebasseng, palmar overalt og strand rett nedom området. Alle fekk også "all inclusive"-band, så her skal det drikkast brus og etast mykje! Resten av dagen gjekk med til lunsj, avslapping ved bassenget, middag og vidare blogg- og dagbokskriving.

Kwaheri,
helsing Kenya-gjengen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar