torsdag 23. februar 2012

Dag 26 - Omvisning i Mombasa

Vi køyrde og tok ferje inn til byen - klare for nye inntrykk. Det fyrste vi gjorde var å besøke eit hindutempel. Her fekk vi omvisning av Muhammed Ali; vår guide for dagen. Det var interessant og vi fekk høyre om ulike ritual og såg mange gudsbilete. Ei fargerik oppleving. På gata i Mombasa stoppa vi opp ved eit fikentre. Det var enormt, og det hadde noko som såg ut som røter hengande nedover. Vi såg også fleire Baubab tre. Desse kan bli svært gamle, godt over 2000 år!

Fikentre, kor flaggermus likar å henge på dagtid.


Baobab-tre. Guiden antok at det var rundt 800 år gamalt.


Så for vi til Fort Jesus. Portugisarane kom til Mombasa i 1498. Mombasa si naturlege hamn var svært attraktiv for utlendingane. I 1593 tok dei byen, og av frykt for tryggleiken byrja dei straks å byggje eit stort fort for å kontrollere hamneområdet. Dei såg seg sjølv som representantar for kristendomen, og difor vart det naturlege namnet Fort Jesus. Dette fortet har ei lang og brutal historie om mord, beleiring, utsvelting, bombing og lureri. Det var fleire kampar mellom arabarar og portugisarane om makta i Mombasa. Difor har det vore fleire skifte på fortet. I 1697 dødde portugisarane av at dei vart utsvelt ettersom arabarane erobra området rundt fortet. I 1960 vart dette fortet opna som museum. Det var dette museet vi besøkte.

Fort Jesus på innsida.


Guiden tok oss med vidare på ein gåtur i gamlebyen. Her var det smale bakgater, og det spesielle var at byggestilen er veldig inspirert av arabarkulturen. Her såg vi ei blanding av ulike hudfargar: litt indisk, litt kenyansk, litt somalisk, litt arabisk og sikkert enno meir. 90% av dei som bur i gamlebyen er muslimar. Det var heilt annleis frå Nairobi, kor vi ikkje kan hugse å ha sett så veldig mange muslimar. Vidare gjekk vi gjennom markedet, fullt av grønsaker, frukt, krydder, klede, sko og andre nødvendige varer. Vi fekk lukte på te, kaffi, vanilje og sitrongras, og mange prøvde å selje oss varene sine, men det einaste vi kjøpte var to kokosnøtter til å drikke av. Seljaren skar av toppen og ga oss kvart vårt sugerøyr. Det var søtt, men vi likte det ikkje så godt at vi drakk opp alt.

Smale gatar i gamlebyen.


Oddis siktar oppover! Sjeldant å møte så høge folk i Kenya!


 
Drikking av kokosnøtt!


Etter denne gåturen var programmet i byen ferdig, så vi stilte oss på nytt i ferjekøa, som gjekk overraskande kjapt, til trass for at det var midt på dagen. Det betydde at vi kom til å rekke lunsjbuffeten på hotellet. Då vi hadde ete oss gode og (litt for) mette, fekk vi resten av dagen fri til å gjere som vi ville, og det var så klart å ligge ved bassenget. Rett før bassenget stengte, fann vi jentene på at vi skulle gi Kjetil eit lynkurs i "havfruesymjing", altså å bevege kroppen som ei havfrue under vatn. Dette hadde vi det veldig morosamt med! Det måtte eit par forsøk til før han fekk taket på det, medan Odd Ragnar fekk det til på fyrste forsøk. Den fødde havfrue!

 
Bassenget ved hotellet vårt


Helsing Kenya-gjengen

1 kommentar:

  1. Å for et fint baseng og hotell,fekk lyst på ferie og varme,kjempefine bilder og notater fra turen dokke e på,koser mej kvar kveld når ej sette meg ned for å lese om reiser i Afrika.Glede oss masse til å treffast igjen,håper turen heim går fint,stor klem fra,Torhild og Gunnar :)

    SvarSlett