Båtturen tok litt over
ein time, og i mellomtida hadde vi fått utdelt maske, snorkel og
symjeføter. Ein etter ein hoppa vi uti det deilige vatnet. Dei som
jobba på båten meinte at vatnet var kaldt, men for oss var det
heilt fantastisk å oppleve vatn som var naturleg oppvarma til rundt
30 grader. No var det berre å snorkle i veg. Vi hadde ikkje sett
sola enno. På den eine sida var det ganske godt, for Mombasa er
utruleg varmt, og sola svir huda før du veit ordet av det. På den
andre sida hadde det vore enno vakrare og betre å sjå under vatn
med sol. Men sol eller ikkje, vi tykte at dette var ei oppleving
heilt utanom det vanlege. Rett som det var møtte vi på store
fiskestimar av ulike slag. Det var oransje, gule, lilla, blå,
stripete fiskar, og nokre med spesielle finner eller så
gjennomsiktige og fargelause at dei nesten var usynlege. Vi kunne
ikkje få nok! Men etter ein halvtime klatra vi oppi båten for ein
pause, og vi køyrde litt lenger bort. Vi hoppa uti på ein ny plass
for å snorkle ein halvtime til, og her var vatnet enno klarare, så
vi fekk sett alt betre. Fantastisk! Vakkert! Supert! Vi storkoste oss
og tykte det var synd at vi måtte til neste post på programmet:
lunsj på øya Wasini. På den timeslange turen dit låg jentene
framme på baugen og storkosa seg. Store bølgjer gjorde at det gynga
ekstra mykje der framme, og vasspruten sto samtidig som det var ein
behageleg vind. Vi lo og heldt oss godt fast. Nytelse!
Læraren er klar!
Swimming with dolphins! Vi skulle i alle fall ønske at vi kunne det, men vi såg dei godt frå båten.
Gjengen klar for nye eventyr!
På øya Wasini var det
ein utandørs restaurant kor vi skulle ete lunsj. To av oss våga seg
til å ete sjømat, medan dei andre fekk kylling. Dei som åt krabbe
og fisk meinte at dette var eit utsøkt måltid. Vi tok ein liten tur
i landsbyen på øya, og før vi snudde og gjekk tilbake, gjekk vi
gjennom ein slags korallpark. Når tidevatnet er på det høgaste,
kjem vatnet heilt opp til landsbyen. Men no var det fjøre, slik at
vi enkelt kunne sjå korallane som sto der. Det er kalkstein, som
lett lét seg forme, så her var det mange rare former å sjå. Vi
tykte vi såg ein elefant i ein av korallane. Her var det også ein
mangrove-skog. Mangrove er ekstremt viktige tre som hindrar erosjon.
Det er ikkje mange treslag som toler saltvatn og den lause
sandbotnen, så dette er heilt unike tre som er viktige å verne.
Dessverre er det fleire tre som blir hogd ned enn det som er bra.
Wasini Island
Programmet var over, og vi
blei trygt ført over til fastlandet igjen. Då vi kom tilbake
på hotellet, hoppa alle rett i dusjen. Då vi møttest til middag
var det mange som kunne fortelje at dei var blitt solbrent både her
og der. Vi såg ut som kokte hummer heile gjengen, nesten så ein skulle tru at det var vi som var hovudretten på hotellet i kveld...Så til trass for at vi blei beordra av læraren til å snorkle
med t-skjorte på, og til trass for at sola ikkje kom fram før vi
var ferdige med å snorkle, vart vi solbrente likevel. Same kor mykje
ein smører seg, og same og det er sol eller ikkje, så blir ein
solbrent her... Men no er det ikkje lenge til vi skal heim att til
kalde Noreg, kor det er så å seie umogleg å bli solbrent, same kva
tid på året det er snakk om ;)
Det skal lite til for å skitne til føtene i dette støvete landet!
Helsing frå
Kenya-gjengen, som no har berre to dagar igjen i dette flotte
Aust-Afrikanske landet!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar