Framme på skulen møtte vi etter kvart rektor. Det viste seg at han hadde gløymt at vi skulle kome på besøk i dag, så han var rask med å sy saman eit program saman med lærarane. Som vanleg starta dagen med samling på skuleplassen med presentasjonar og litt underhaldning. Sidan dei sang sin nasjonalsang, måtte også vi til pers med "Ja, vi elsker". Så var det på tide for oss å undervise Form 2 om Noreg, og deretter oberserverte vi korleis dei underviser.
Etter undervisninga og observasjonen fekk vi ei kort te-pause med te,
kaffi, muffins og egg (!). Der kom det fram at Form 1 var svært
skuffa over å ikkje få besøk, noko som førte til ei ny, men
kortare, runde med litt undervisning før vi deretter fekk omvisning
på det store området til skulen, noko som dei nytta godt til
dyrking og dyrehald. I dag åt vi lunch på skulen, og vi snakka med
dei kenyanske lærarane. Før vi reiste vidare til kaffifabrikken,
var det sjølvsagt avslutning på skuleplassen med takketalar og
utdeling av litt gåver. Denne skulen fekk drakter frå VTI, fotball
frå Intersport, handball frå Sport1, skrivesaker frå Libris og
Nordea, samt ein laptop frå ein privat givar.
På kaffifabrikken, som ikkje låg langt frå skulen, var det ikkje produksjon fordi dei er utanfor sesong, men dei viste oss prosessen, og vi fekk sjå planta når den var på trea, og når den låg til tørk. For vidare arbeid blei kaffien sendt til Nairobi fordi dei ikkje hadde utstyret som skulle til. Rundt kl. 15.45 var vi ferdige der, og klare for ein køyretur til Nyeri, der vi skal tilbringe dei to neste dagane. Reisa dit tok ca. 2 timar, og det var å kome fram og få av seg finstasen. Så naut vi ein nydeleg middag på hotellet, før vi tok ein tidleg kveld.
Kaffibønner til tørking
Luktar sjølvsagt ingenting fordi dei ikkje er brent enno
helsing Kenya-gjengen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar