Etter
dette foredraget gjekk turen vidare til Anders Lilleheim sitt kontor, som ligg ved sidan av der vi bur. Han er direktør i
Scripture Mission East Africa. Hovudområda for denne organisasjonen er Kenya og
Tanzania, men har i tillegg ein del andre prosjekt i Etiopia og Somalia. SM
(Scripture Mission) har ei betydelig satsning i misjonærarbeid, og er sentrale
i bygging av mellom anna kirker, skular, hus og vannstasjonar.
Etter
dette foredraget hadde klokka bikka 14. Vi var blitt bedt på middag hos
FN-diplomat Jon-Andreas og kona Nina til kl. 18, men før den tid var det
fundamentalt med eit solid lunsjsmåltid. Ein slags lokal lasagne stod på
menyen i dag, noko som nok fall i smak for dei fleste! Sjølv om Jon-Andreas og
Nina budde like i utkanten av Nairobi, vart det ein relativt lang biltur. Å stå
i bilkø ser ut til å være ein av
favoritthobbyane til kenyanarar, noko vi allereie har fått erfare desse fyrste
dagane her. Vi kan nok også fastslå at rushtrafikken i Nairobi er noko meir heftig
enn i Volda. Men når trafikken står stille, nyttar Odd-Ragnar (Oddis) ofte
moglegheita til å kjøpe noko frå dei utallege selgarane som står MIDT i vegen.
Han rulla ned vinduet då vi stod attmed ein blomsterselgar. Selgaren ville ha
700 kenyanske shilling, men tøff som han er, nekta Odd-Ragnar å betale meir enn
500 shilling. Selgaren måtte gje "tapt", og Odd-Ragnar hadde skaffa ein presang
til Nina.
Når vi så like etter blomsterkjøpet stoppa på eit kjøpesenter som tidlegare
har blitt kåra til verdas finaste, såg Odd-Ragnar sitt snitt til å oppsøke ein
blomsterhandlar for å spørre om prisen på blomsterbuketten han nettopp hadde
kjøpt langs vegen. Gleda vart stor då han kunne konkludere med at han
hadde gjort eit godt kjøp. Ved dette kjøpesenteret fekk vi også tatt ut pengar
i minibanken for første gang. Vi fem studentane tok ut totalt 200 000 ksh (40 000 var maks uttakssum per person), nyskjerrige sjeler får google kva dette
betydde i praksis. Også viktig å legge til at minibanken vi tok ut pengar ved,
var Standard Chartered. Som alle veit, er dette hovudsponsoren til Liverpool
F.C. (Verdas ubestridt beste fotballklubb).
Kjøpesenteret Village Market, kåra til verdas finaste
Då vi endeleg kom fram til
vertskapet, vart vi møtt av to hyggelige og imøtekomande vertar (pluss ein
overivrig/hyper hund, Charlie). Vi fekk servert nydelig mat og drikke, og
avslutta kvelden foran bålet i hagen. Då klokka nærma seg 22, var det på tide
å vende snuten heimover. Vi skulle tross alt opp klokka 05.30 dagen derpå! Men
for seks A-menneske som oss, er slike tidspunkt null problem. Hakuna Matata!
Slik vart vi mottatt hos Nina og Jon-Andreas, med kenyansk brus og øl
Her er Odd Ragnar!
Mari og Kjetil nyt ein afrikansk kveld.
Helsing Kenya-gjengen, som trivst allereie!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar