Då vi køyrde
inn på sletta igjen, fekk vi nok eit møte med giraff. Denne gangen ei lita
famile på tre! Litt seinare på dag såg vi også ein flokk elefantar. Det var
mødre med born, og det var ganske spesielt å sjå desse på så nært hald. Vi fekk også nok eit møte med struts og fleire av dei andre dyra vi møtte i går. Godt nøgde med denne føremiddagen, køyrde vi tilbake for å ete lunsj. Etterpå sette vi oss i bilen for å køyre
tilbake til Nairobi. Fyrste delen av vegen var ganske humpete, men fleire av
oss klarte likevell å sovne. Dette tyder vel på at vi er blitt godt vane med slike vegar no. Reisa gjekk ellers fint, men då vi kom til riftkanten på
vegen til Nairobi, var der tidenes lengste kø! Oppover vegen var det trailerar så
langt vi kunne sjå. Sjåføren vår, Rufus, fant heldigvis ein annan veg, slik at
vi kom oss inn igjen på hovudvegen til Nairobi. I skumringa var vi
tilbake på SMCC, og tok kvelden etter ein lang køyretur.
Det kjende akasietreet.
Helsing Kenya-gjengen <3
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar