tirsdag 21. februar 2012

Gåvekontoen

Til no har vi vore så heldige og fått sett fleire spanande og viktige prosjekt. Det har vore mykje forskjellig og interessant, og det har ikkje vore lett å kome fram til kven vi vil støtte. Alle prosjekta er unike og samfunnsutviklande. Etter ein del diskusjon og refleksjon har vi bestemt oss for å støtte tre ulike prosjekt. Desse er: St. John's Community Centre i Pumwanislummen, helsestasjonen i Chesta og Chesta Girls' Secondary School. Vi har enno ikkje bestemt fordelinga, fordi vi vil sjå kor mykje vi får inn. Det er framleis mogleg å gje pengegåver fram til 25/2, og kontonummeret er 3991.04.99479

Dersom det er ynskjeleg kan ein øremerke gåva med eitt av dei tre prosjekta i kommentarfeltet til dette blogginnlegget. Dette kan også dei tidlegare givarane gjere. Her kjem litt info om dei tre ulike prosjekta:


St. John's Community Centre

St. John's Community Centre ligg i Pumwani-slummen der det bur omlag 60 000 menneske. St- John's arbeider for å hjelpe dei som bur i denne slummen og då med eit spesielt fokus på kvinner. Dei har mange ulike program, og vi vart veldig imponerte over kor store ringverknader desse får for dei som bur i slummen. St. John's arbeider til dømes med haldningsendringar, få til berekraftige bedrifter på grasrotnivå som er driven av menneska i slummen sjølve, og vidare dreiv dei også ein skule for borna i slummen. Denne skulen er veldig viktig for å gi borna grunnlag til vidare utvikling og utdanning, samt for å halde dei borte frå kriminalitet som det elles er veldig mykje av her. Dei tilbyr også ein god del fritidsaktivitetar for unge, noko som er med på å gje dei sjølvkjensle og håp om at dei faktisk kan utgjere noko, samt gjere dei sjølvstendige til å ta eigne val.

St.John's Community Centre har god erfaring med å arbeide med ulike prosjekt som dei heile vegen evaluerar. Dersom dei meiner eit prosjekt ikkje verkar slik det er meint, prøver dei å betre det eller avsluttar det med ein gong. Dei følgjer til dømes godt med på pengane som folk støtter dei med, og ein vil få tilbakemelding om kva desse pengane går til.

Vi har sett at St. John's sitt arbeid har utgjort mykje positivt i slummen, men at det fortsatt er ein lang veg å gå. Håper derfor at ved å støtte denne organisasjonen kan dei vidare hjelpe og utvikle samfunnet i Pumwani-slummen. 


Helsestasjonen i Chesta (Pokot-området)

Denne helsestasjonen dekker eit område på heile 30 000 menneske. Både dei som bur oppe i fjella, og dei nede på slettene må kome hit for å få behandling. Nokre kan ha ein veg på opptil 50 km. Når ein tenkjer over kor stort område denne stasjonen skal dekkje, var det ganske utruleg at dei held til i så små lokale som dei gjer. På eit lite rom var det til dømes både vaksinering, laboratorium og fødestue – og alt dette kunne gå føre seg på ein gong!. Dei vanlegaste sjukdomane er malaria, tyfloid og lungebetennelse. Spesielt utsett er borna under fem år. På ein dag har dei kapasitet til å behandle 30 pasientar og gje 200 vaksiner. Helsestasjonen har ope kvar dag, og dei få tilsette har ofte lange arbeidsdagar. Ein har eit prinsipp om at ein skal dele på utgiftene, ein krev difor ein eigenandel frå pasientane. Noko særeige ved denne helsestasjonen er at ingen vert nekta behandling om dei ikkje kan betale for seg. Dei får då moglegheita til å gjere opp for seg seinare. I praksis er det eit underskot på 70-100 000 shilling per år (5000 til 7000 NOK). Ein del av dette får dei dekt gjennom kollekt frå kyrkja,og noko gjennom gåver, men økonomien er ei utfordring.

Det var verkeleg imponerande å få høyre om dette arbeidet og sjå korleis det vart organisert. Dei gjer ein stor innsats – trass i dei mange utfordringane. Dette er også grunnen til at vi har valt å støtte denne organisasjonen, samt at dei gjev behandling til alle, sjølv om nokre ikkje kan betale for seg.


Chesta Girls' Secondary School

Denne internatskulen har om lag 365 elevar, berre jenter. Dei som studerer her har anten søkt sjølve eller er redda av skulen. Denne skulen reddar nemleg jenter frå å verte omskjert og gifta bort ved å halde dei på skulen og gi dei utdanning. Dette omfattar både jenter med og utan foreldre. Rektoren ved denne skulen sa at dersom dei får utdanna ei jente i ein familie, er det stort sannsyn for at også dei andre jentene i familien vert skåna for omskjering og bortgifting. Skulen følgjer også opp jentene etter at dei er ferdig og til dei har fått seg jobb.

Pengane vi vil gi til denne skulen vil gå til å betale skulepengar for dei jentene som treng det mest. Etter 8. klasse må ein nemleg betale skulegangen sjølv, og det vert sjølvsagt problematisk for dei som er foreldrelause eller driv sjølvbergingsjordbruk der pengar er ein sjeldan ting. Administrasjonen ved Chesta Girls' Secondary School går gjennom situasjonen til alle elevane, og vel på denne måten ut kven av dei som treng pengane mest. Eitt års skulegang for ei jente kostar om lag 2000 NOK. Vi har enno ikkje bestemt oss for kor mange av jentene vi vil støtte, då dette er avhengig av den endelege gåvesummen og fordelinga. 

Stor takk til alle givarar så langt, helsing Kenya-gjengen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar