Vi merka at elevane på
denne skulen var enda stillare og enda meir disiplinerte enn elevane
på dei andre skulane vi har vore innom. Vi spurde lærarane om
dette, og dei hadde som svar at det er lettare å kontrollere elevane
når det motsette kjønn ikkje er til stades. Skuleprestasjonane blir
også merkverdig høgare. Vi trudde dei på ordet, men vi studentane
meiner likevel at barn og ungdommar flest har godt av å vere saman
med det motsette kjønn under heile oppveksten. Viss ikkje blir det
andre kjønn nesten noko mystisk og ukjend. Desse gutane bur på
skulen, og har dermed ikkje kontakt med jenter på fritida ein gong.
Heldigvis var det ein lærar som var einig med oss i at ”mixed
schools” er best. Her i Kenya er det vanleg at i primary school
(1.-8. klasse) er jenter og gutar samla, medan på secondary school
(9.-12. klasse) er dei oftast delte. Kan det ha noko med at
puberteten slår inn og forstyrrar konsentrasjonen, spesielt med
tanke på forelsking? Det finst nok fleire grunnar til kjønnsdelinga.
Blant anna at det frå gamalt av var vanleg å sende berre gutane på
skulen, og at ein del skular enno held på tradisjonen med å vere
rein guteskule.
Etter at vi både hadde
undervist og observert i den same klassa, var det tid for å snakke
med lærarane. Det var dekka langbord i skuggen med mat, kaffi og te.
Samtalen gjekk godt, og vi lærte mykje av kvarandre. Resten av
programmet bestod av omvisning på det store området skulen eigde.
Gutane bur i store sovesalar. Skulen har sin eigen gard med satsing
på kvegdrift. Kjøt og mjølk går til mat til elevane ved skulen,
og overskotet blir seld. Dei dyrkar også mais og diverse anna. Det
er ikkje elevane som driv dette til dagleg, men dei brukar det til
undervisning i skuletida. Etter at vi hadde sett skuleområdet var
det litt underhaldning med ein tradisjonell dans som var ganske
morosam, og to lærarar hadde førebudd seg på å snakke om historia
til skulen og korleis situasjonen har vore og er for jenter og
kvinner i Pokot-kulturen. Som vanleg delte vi ut gåver som vi hadde
teke med frå Noreg.
Vi køyrde tilbake til KBC for lunsj
før vi skulle ut og køyre bil igjen. Denne
gongen til Kitale, ca ein time unna. Vi hadde med oss rektor ved KBC,
Andrew. Han hadde invitert oss heim til seg på middag, og undervegs
stoppa vi for å handle litt mat og drikke og sim-kort, som viste seg
å ikkje verke på våre mobilar. Då vi kom til huset til Andrew,
fekk vi helse på kona, pastoren og nabokona. Dei viste oss rundt på
eigedomen, blant anna hønene, hundane og eit skur stappfullt av
mais. Sjølv om Andrew arbeider som rektor ved KBC, får han
mesteparten av inntektene sine frå mais.
Kona og nabokona hadde
førebudd middag. Det var kanskje den beste middagen vi hadde fått i
Kenya så langt. Etterpå serverte dei te, ordentleg kenyansk chai,
akkurat slik den skal vere. Vi som tora å smake på meinte det var
den beste teen vi nokon gong hadde smakt. Ingrediensane er vatn og
mykje mjølk, teblad og nokre krydder vi ikkje veit kva er. Det var
krydderet som gjorde teen så spesiell. Vi tok også ei
introduksjonsrunde medan vi sat der i sofaen. Det er vanleg her i
Kenya at alle seier namnet sitt og fortel kva stilling dei har m.m.
Det er typisk kenyansk å vere gjestfri og å bruke mest mogleg tid
på gjestane og vise at ein set pris på å ha dei på besøk. Medan
vi er inne på ting som er typisk kenyansk: Vi la også merke til
innreiinga deira medan vi sat der. Stilen til kenyanarar flest er
minimalistisk og praktisk. Den einaste pynten i rommet var tre plakatar med gudsord tilfeldig
plassert på veggane med glittergirlander imellom. Litt spesielt for oss
nordmenn, men det er slik dei likar det her. Vi sette uansett veldig
stor pris på å bli invitert til ein kenyansk heim.
Heimen til Andrew
Køyreturen heim var
usedvanleg fin. Månen var full og bestemte seg for å dukke opp
akkurat då vi starta å køyre. Ho steig opp over horisonten som om
det var ein soloppgang! Slik ein sterk og klar måne hadde vi aldri
sett før. Ei vakker avslutning på dagen. Det var no ein skulle hatt eit dyrt kamera for å ta vakre bilete av månen, med silhuetten av eit akasietre i forgrunnen!
Helsing Kenya-gjengen :-)
Helsing Kenya-gjengen :-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar