Eit av desse er the education program. Organisasjonen ligg inne i Pumwani-slummen, og her driv dei òg ein skule. Skulen tek i mot born frå slummen og gjev dei skrive- og leseopplæring, noko det er eit enormt behov for. Ungdomsprogrammet deira er todelt, så dei har òg ein del som jobbar utanfor skulen. Dette programmet hjelper no 200 ungdommar til å forme grupper slik at dei kjem saman og hjelper kvarandre. Eit stort problem i slummen er vald, og desse gruppene er med på å hjelpe unge ut av kriminalitet og vold. Ei anna viktig side ved dette programmet er at det gjev ungdommane sjølvkjensle og håp. Vi var så heldige å få sjå ei danseforestilling av nokre ungdommar. Etterpå fekk vi lære litt salsa! Kan vel trygt sei at vi framleis har mykje å lære, men det var svært moro! :)
Eit anna program som dei driv er kvinnegruppene. Her oppmodar dei kvinner til å bruke evnene sine til å skape eit arbeid som dei vil kunne få inntekter på. Dei gjev dei opplæring i mange ulike typar handarbeid. Vi fekk høve til å møte ei slik gruppe og fekk sjå nokre av produkta deira. Dei hadde sydd flotte kikoyar (omslagsskjørt), laga vesker og fine smykker. Dei som jobbar ved St. Johns arbeider ved å samtale med kvinnene i slummen. Slik gir dei informasjon og formidlar verdien av å kunne skape eit arbeid som vil kunne hjelpe dei på sikt. Dei ved St. Johns møter kvinner i slummen som dei samtalar med. Samtalane er viktige, for å kunne høre kvinnene sine eigne ynskje og tankar. St. Johns hjelper dei med opplæring, og så vert dei i stand til å utøve sitt eige sjølvstendige arbeid. På denne måten hjelper dei mange kvinner i slummen til å starte eigne sjølvstendige kvinnegrupper.
Etter lunsj for vi ut for å vitje eit område i slummen. Tilsette ved St. Johns synte oss rundt og fortalde oss om forholda her. Å verkeleg få sjå med sine eigne auge korleis folk bur, var nokså sterkt. Vi gjekk inn i eit strøk der skura som dei budde i sto tett i tett. Lufta kjendes stram, og overalt såg vi søppel. Innimellom dei trange strøka, der vi nesten måtte smyge oss fram, var heimen til mange born. Elva i nærleiken var full av søppel, og vatnet var brunt og ikkje drikkande. Den hadde i staden blitt ein stad å dumpe søppel. Inne i eit lite skur kunne det bu familiar med fleire born. Å tenkje seg korleis det må vere å bu slik er nærmast umogleg. Det er svært fjernt frå våre trygge omgjevnadar i Noreg, der vi har alt vi treng. Vi fekk òg vere med på besøk til nokre av dei mange som budde her. Vi delte gruppa, den eine staden besøkte dei åtte unge gutar som alle budde inne i eit lite rom. Her hadde dei budd i fire år. På den andre staden besøkte vi ein ung gut på 17 år. Han budde åleine inne i eit lite mørkt rom. Foreldra hans var ikkje lenger i live. Han hadde ei søster, men ho hadde gifta seg og flytta. Då vi spurte han kva han tenkte om framtida, svarte han at framtida ikkje var noko han tenkte så mykje på. Han tenkte mest på morgondagen og utfordringa med å skaffe seg nok mat. Månadsløna han får for å halde sanitæranlegget reint er på 2000 shilling, og husleiga er på 1500 shilling. Det betyr at det han har å rutte med kvar månad er 500 shilling, 35 norske kroner.
Her bur Peter, 17 år og foreldrelaus, heilt åleine.
St. Johns hjelper folk med å bygge hus og toalett, og ikkje minst vannstasjonar. Dei har òg laga eit klubbhus for born kor dei kan vere etter skulen. Å få eit lite innblikk i dette arbeidet var veldig imponerande! Vi vende tilbake med mange nye inntrykk, og ny lærdom.
Helsing Kenya-gjengen! :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar