Lastebilane dei hentar teen med - to blad og ein knupp!
Teplukkarane som leverer
til Gathuthi har fri på onsdagar. Grunnen er at det er tørketid, og
dermed ikkje nok modne blad til at ein kan plukke kvar dag. Difor var
det ikkje teproduksjon i fabrikkhallen denne morgonen. Men
salgssjefen Samuel viste oss villig rundt likevel. I starten var han
litt skeptisk, for teproduksjon er jo ein bedriftsløyndom. Gathuthi
er blant dei beste i Kenya til å lage te, og dermed også blant dei
beste i verda. Heldigvis slappa han meir av etter kvart som han såg
at vi var oppriktig interesserte lærarstudentar. Han var veldig
entusiastisk og tydeleg stolt av produktet deira, som forresten er
vanleg svart te.
Det var nesten flaks at
det ikkje var produksjon i fabrikkhallen i dag, for då kunne vi i
det minste høyre kva Samuel sa om kvar enkelt maskin. Vi bestemte
oss for å kome tilbake i morgon tidleg, for då skulle det vere te i
maskinane. Det vi fekk sjå i dag, som ikkje var mogleg i morgon, var
at arbeidarane fylte sekkar med te og måla på dato. Vi fekk også
sjå dei sju ulike te-kvalitetane og kva som er ulikt med dei. Den
grovaste er populær i Pakistan, og den nest grovaste er den mest
vanlege i Europa. Det var også den vi fekk tak i på fabrikkutsalet.
Dei tre dårlegaste inneheld stort sett fiber. Slik fiber-te er meir
beisk enn vanleg te, kor fiberen er teke ut, difor er det også mykje
billegare.
Etter fabrikkbesøket
køyrde vi til Nyeri sentrum for å ete junkfood på ein luguber
kafé,
som Odd Ragnar kalla det. Så veldig luguber var den heldigvis ikkje.
Det var kjekt å kunne bestille mat frå ein meny, for vi får ikkje
så veldig variert mat her. Ris, seigt kjøt (dei likar det faktisk
seigt her), grønsaker og saus er det vi får både til lunsj og
middag nesten kvar dag.
Seinare
på ettermiddagen køyrde vi eit lite stykke nordover til ei grotte.
Medan vi køyrde dit, kunne vi heile vegen betrakte Mount Kenya, det
nest høgaste fjellet i Afrika, 5199 moh. Dessverre var det overskya
i dag, så vi fekk aldri sett toppen. Frå parkeringsplassen måtte
vi gå i tre kvarter for å kome til grotta. Undervegs såg vi ein
del elefantbæsj, og guiden vår var flink til å fortelje om
bruksområda til ulike tre og plantar.
Entusiastiske Oddis har funne seg ei plante som dei tidlegare brukte som tannbørste!
Då
vi kom til grotta, som tidlegare hadde vore gøymeplass for
fridomskjemparar, kunne guiden fortelje at den var blitt bomba rett
før frigjeringa til Kenya i 1963. Difor såg ikkje grotta ut som den
brukte å gjere då folk gøymde seg der. Grotta er ei av fleire MAU
MAU-grotter rundt om i landet. Dei finst til dømes også ved Mount
Kenya og Menengai-krateret. MAU MAU står for Mzungu Aende Uropa,
Mwafrica Apate Uhuru (kvit mann gå tilbake til Afrika, afrikanarar
skal få fridom), det var i alle fall det guiden sa at det betydde.
Det var spennande å sjå grotta, men det hadde nok vore mykje
tøffare dersom den ikkje var blitt bomba. På denne gåturen fekk vi
litt sol, men dagen var stort sett grå, med nokre få regndråpar av
og til. Det hadde vi ikkje venta å sjå på turen vår, for det er
jo tørketid her no!
Kwaheri,
helsing Kenya-gjengen!
MAU MAU-grotta
Kwaheri,
helsing Kenya-gjengen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar