søndag 19. februar 2012

Dag 23 – Nasjonalmuseum og avslapping

Fridag nummer to! Vi er tilbake i Nairobi og bur no på Cawaal Guest House, som er like ved SMCC. Grunnen til at vi ikkje bur på SMCC no, er at dei er fullbooka pga. ein konferanse. Heldigvis skulle vi få lov til å dra dit likevel, for vi ville gjerne ha Internett til å oppdatere bloggen, og så hadde vi veldig lyst til å sole oss og bade.

Klokka 10 vart Mari, Maria og Kjetil køyrd til SMCC for å jobbe med bloggen, og Ingvild, Anne Berit og Odd Ragnar køyrde vidare til nasjonalmuseet i sentrum. Der fann vi alle dei flotte og kjende afrikanske dyra til utstilling, men også mange dyr vi aldri hadde sett. Dei hadde ei avdeling med eldgamle hovudskallar frå våre forfedre som levde for 1,5-2 millionar år sidan, som alle var gravne opp i Kenya. Elles hadde dei nesten alle 900 fuglesortane som finst i landet, ei avdeling med Kenya si nyare historie, og til slutt ei avdeling om livets gang, t.d. korleis dei feirar at eit barn er fødd.

Vi plukka opp gjengen på SMCC for å ete lunsj på Cawaal. Dei hadde jobba godt med bloggen medan dei andre var på museum. Deretter dro heile gjengen tilbake for å nytte seg av det vesle badeanlegget på SMCC. Vi var forsiktige med solinga, sidan dei fleste av oss blei solbrente i nakken og skuldrane i går, til tross for iherdig smøring. Vi såg at mørke skyar nærma seg, så vi skunda oss å bade litt, men heldigvis tok det ca to timar før regnet faktisk kom, og då kom det mykje! Vi fann også tid til å hoppe på trampoline. Kl 18 gjekk vi tilbake til Cawaal for å ete middag og pakke til Mombasa-turen.




Vi har det veldig fint, og håpar alt er bra med kjente og kjære heime i Noreg. Klem frå Kenya-gjengen <3

2 kommentarer:

  1. Hei!
    Nok ein gong stor takk for interesanne blogger og flotte bileter! No har vi byrja å glede oss til heimkomsten dykkar.
    Helsing KJ.

    SvarSlett
  2. Hei!
    Ser ut som dokke har det heilt fantastisk i Kenya :) eg var med på same turen i fjord, å det var heilt fantastisk! Missunne dokke masse :) kos dokke resten av tida i Kenya. Kan ikkje tru at det e over et år sida eg var der ;)
    Silje

    SvarSlett