Vekkarklokka ringde klokka
5, men det var vi nesten blitt vande med. Denne gongen var det
faktisk frivillig, men kven vil vel ikkje på ein fjelltopp på 2750
meter over havet for å nyte soloppgangen? Det var kolmørkt då vi
starta å gå oppover. Det gjekk ikkje fort i starten, for vi var knapt vakne og hadde ikkje ete frukost. Joel guida oss gjennom
maismarker og over kvistgjerde i mørkret, og det einaste som var
synleg var ei rekke med sju dansande hovudlykter bak han. Spennande!
Etter ein halvtime kunne vi skru av lyktene, for det var blitt lyst
nok til at vi såg kor vi gjekk. Berre få minutt etter at vi nådde
toppen såg vi solkula sprette opp over horisonten. Dette var
vakkert!
Vel tilbake ved det vesle
huset vårt fekk vi frukost som var søte chapati (slags pannekaker)
og te. Vi hadde god tid denne morgonen. Vi flytta stolane ut for å
nyte utsikta og slappe av etter den grytidlege fjellturen. Kvinnene i
bygda hadde rigga seg til bak huset med suvenirar til sals. Dei selde
armband, halsband, små korger og søte væskebehaldarar med perler
og pynt. Kjetil gjorde eit kupp då han kjøpte ein gåstav til 200
shilling (14 kr). Den kom til å bli uvurderleg på nedstigninga seinare på
dagen. Men fyrst skulle vi i kyrkja.
Inne i huset vi budde i
Utanfor huset vi budde i
Salg av smykker og andre suvenirar
Klokka elleve kvar søndag
samlar folket i Sagat seg i den vesle kyrkja, som har blitt bygd ved
hjelp av misjonærar i 1999. På utsida såg den ut som eit vanleg
hus, og inni var den sparsamt innreidd med trebenkar til å sitte på,
eit bord med duk, ein talarstol, ei tavle med krit og eit kors måla
på veggen. Det starta med song og taktfast klapping i ei evig
gjentaking av dei same orda. Den som ville, heiv seg på ei
andrestemme. Det var fleire av mennene som var framme og snakka, og
vi blei ønskte velkomen av den eine etter den andre, som er vanleg
her i Kenya. Nokre ungdommar framførte songar. Vi bleikingane måtte
også fram og synge. «Jeg gikk en tur på stien», for den hugsa
forsamlinga frå i fjor, og «Alle fugler», som vi no syng overalt
kor vi blir bedd om å synge. Vi må innrømme at fleire av oss vart
søvnige i løpet av den to timar lange gudstenesta. Men det var
sjølvsagt også interessant å observere korleis ein gjer dette i ei
lita fjellbygd langt frå Noreg. Då det heile var over stilte alle
seg på rekke og handhelste på kvarandre. På denne måten fekk alle
helse på alle, både store og små.
Kyrkja
Delar av familien som leidde ut huset sitt til oss
Mora laga maisgraut, ugali, som er vanleg å ete til all slags måltid
Delar av familien som leidde ut huset sitt til oss
Mora laga maisgraut, ugali, som er vanleg å ete til all slags måltid
Nedstigninga tilbake til
Chesta tok til etter det siste måltidet i "hytta" vår. Det var
ikkje overskya som i går, men på grunn av vegetasjonen fekk vi
skugge på delar av turen. No hadde vi utsikta framfor oss heile
tida. For eit vakkert landskap! Akasietre (dei kjende afrikanske trea
som er flate på toppen), kaktustre, flammetre og tradisjonelle
hytter susa forbi oss der vi småsprang nedover dei bratte bakkane.
Det var ikkje sjeldan at ein av oss var nær ved å skli, for det var
mykje laus sand. Men nedstigninga gjekk betre enn venta.
Likevel var det innmari
godt å kome ned til gjestehuset, kunne ta av seg skoa, dra av seg
dei altfor skitne sokkane, for deretter å hoppe i dusjen. Sjeldan
har det vore SÅ godt å ta seg ein simpel dusj! Myggolje, solkrem,
sveitte og sandstøv rann ned i sluket. Alt vi hadde fått av
brunfarge på beina forsvann med vatnet, for dessverre var det berre
støv frå den raude sanda. Vi er inne i den tørraste perioden på
året, så uansett kor vi oppheld oss er det sand og støv.
Då alle hadde dusja seg i
tur og orden, kunne vi sette oss på terrassen og nyte ein cola og
eit middagsmåltid.
Hakuna Matata,
helsing Kenya-gjengen!
Hei!
SvarSlettNo har vi venta lenge på blogg, og idag var gleda stor i fam.når mange nye opplevelser var lagt ut.
Vi hadde ikkje tid til å nyte frokosten, men sat alle ivrige og las. Tusen takk!
Helsing Rosita.