Etter mi meining har
dette vore den mest lærerike og morosame dagen så langt. Vi
møtte opp på Arap Moi Primary School (oppkalla etter Kenya’s
president frå 1978 til 2002) kvart på åtte for å overvære
morgonsamlinga utanfor skulen. Vel 1000 ungar sprang mot
samlingsplassen då bjella ringde. Dei song, klappa mykje og ba ei
bøn. Her var det disiplin på høgt nivå. Eg skulle likt å sett
1000 norske barneskuleelevar gjere det same.
Kjetil, Mari, Maria og Ingvild i tidleg morgonsol, klare for ein dag på kenyansk barneskule
Vi studentane delte oss i grupper som skulle undervise i 7. og 8. klasse. Ingvild og Maria var i ei 8. klasse med 56 elevar, Mari og Kjetil var i ei 8. klasse med 54 elevar og Anne Berit var i ei 7. klasse med 86 (!) elevar. Elevane sat tre og tre på ein benk med tilhøyrande pult. Dei hadde blyantar og kladdebøker, men det var ikkje mange pensumbøker å sjå. Skulen har ikkje råd til pensumbøker i alle faga, og når dei har det må tre elevar dele på éi bok.
Då studentane møttest igjen etter ein times tid, var alle samde om at dette hadde vore veldig kjekt. Elevane hadde vore interesserte og ivrige, og det var ikkje nødvendig å hysje særleg mykje, for dei har stor respekt for læraren. To av studentgruppene vart spurde om å synge nasjonalsongen, medan andre song Blåmann og Per spelmann. Vi viste også fram bilete av norske dyr, flagget vårt og norske hus dekte med snø. I timen etter fekk vi observere den same klassa vi akkurat hadde vore i. Det vart undervist i matte, naturfag (om HIV og aids) og swahili. Kvar student hadde eit observasjonsskjema kor det skulle kryssast av for ein del ulike ting kvart femte minutt. Dette for å finne ut korleis ein typisk time går føre seg. Vi la fort merke til at undervisninga her skjer på ein heilt annan måte enn i Noreg. Blant anna svarar elevane i kor på alt læraren spør om, og dei klappar for elevar som rekkjer opp handa og gir eit riktig svar.
I storefri fekk vi sjansen til å
intervjue lærarane på skulen. Det er 30 lærarar fordelt på litt
over 1000 elevar. Kvar student hadde førebudd seg og laga nokre
spørsmål knytt til semesteroppgåva om Afrika. Vi fekk også svar
på det vi lurte på om undervisning og skulegang i Kenya. Her var
det moglegheit for å spørje om det ein måtte lure på, så dette
var nyttig og kjekt. Odd Ragnar fekk faktisk problem med å få oss
med vidare til neste post på programmet, som var ei lita omvisning
på skuleområdet.
Før vi reiste tilbake til Scripture
Mission, vart heile skulen samla på uteplassen igjen. Denne gongen
var det underhaldning til ære for dei norske gjestane. Ei 6. klasse
utmerkte seg med fleire innslag av song og dans, medan nokre elevar
frå andre klassar bidrog med litt dramatisering og solosong. Til
slutt måtte vi nordmenn vise kva vi var gode for. Vi song ”Alle
fuglar” tostemt og nasjonalsongen, som var blitt øvde på i bilen
på veg hit. Vi delte ut fotballar, fotballdrakter, linjalar,
kladdebøker og penner. Det vart motteke med stor jubel frå heile
skulen, og dei klappa mykje for oss. Kjetil demonstrerte til og med
kva triks ein kan gjere med ein fotball, og fekk så klart applaus
for det. Heilt til slutt fekk vi høyre den kenyanske nasjonalsongen
og ein song til. Det var vanskeleg å kome seg ut av folkemengden på
veg til bilen. Alle elevane ville ta oss i handa eller få ein ”high
five”. Andre nappa oss i håret for å kjenne korleis nordisk hår
kjennest ut. Alt i alt var skulebesøket ei veldig positiv oppleving
for både elevar, lærarar og studentar, og det er noko alle kjem til
å hugse på i lang tid framover.
Utdeling av gåver, blant anna fotballskjorter
Tilbake på Scripture Mission fekk vi
endeleg tid til å slappe litt av i sola ein times tid. Vi skreiv
dagbok og blogg og reflekterte over kva vi hadde sett og opplevd i
dei ulike klassane. Klokka tre fekk vi besøk av Simon Wamae. Han
fortalde oss historia om livet sitt. Han vaks opp i Kibera-slummen i
Nairobi, den nest største slummen i Afrika. Som 16-åring flytta han og
familien til ein annan plass, og det likte han dårleg. Han sakna
venene sine og livet i slummen, så han rømde tilbake fleire gongar,
men etter kvart oppdaga han at livet har betre sider enn slummen.
Simon bestemte seg for å gå tilbake til skulebenken etter eit
opphald på to år. Etter dette har han fått eit nytt og betre liv.
No er han med på prosjekt i Kibera-slummen som jobbar for å
mobilisere og engasjere ungdommen der, og for å lære dei at det
finst betre ting å leve av enn kriminalitet. Etter at han var ferdig
med å fortelje var det opent for å stille spørsmål om alt som
hadde med Kenya å gjere. Han svarte godt på det vi spurde om. Vi
sat igjen med ei kjensle av å ha ei betre forståing av korleis ting
er blitt som dei er i Kenya.
Resten av ettermiddagen og kvelden fekk
vi gjere som vi ville. Nokre spelte fotball med dei andre norske
folka her, medan andre brukte tid på blogging og å sjå gjennom
bileta våre. Dessutan fekk vi prøvd symjebassenget for fyrste gong.
Det vil vi gjenta i morgon. Før leggetid samla gjengen seg i sofaen
for å reflektere over alle dagane som har gått. Odd Ragnar meiner
det er viktig å ha ei grundig gjennomgang av alt vi har sett og
opplevd. Kenya-programmet vårt har så langt fungert veldig godt, og
vi trivast med kvarandre. Det einaste ”negative” vi kan kome på
er at det er mykje bilkøyring for å kome til og frå.
Helsing Kenya-gjengen =)
Tusen takk for veldig flott orientering frå turen og flotte bileter. Det er svært spennande å fylgje med!
SvarSlettUlf.
Kjempebra skreve,kan nesten føle korleis dokke he det,hørest spennande ut,kjekt å få delta på opplevingane dokka.
SvarSlettStor klem Torhild og Gunnar:)
Så spennende å følge med på alle opplevelsene dere har. Kjempefin blogg, gleder meg til å følge dere videre. Brita
SvarSlett