onsdag 29. februar 2012

Borte bra, men heime best

For dei som ikkje har snakka med oss, så har vi altså landa trygt i Noreg. Begge flya med Turkish Airlines var forseinka med ein halvtime, og begge flya nedover i januar var enda meir forseinka, så vi lurte litt på kvifor dei var kåra til Europas beste flyselskap… Vi vil nok tenkje oss om ein ekstra gong før vi flyg med dei igjen. Men heldigvis skapte ikkje dette nemneverdige problem for oss på veg oppover på søndag. Mari var den fyrste som kom heim etter ca. 22 timars reising, medan Kjetil tok nattbussen frå Oslo og brukte om lag 1,5 døgn. Om ikkje fire veker på farta i Kenya hadde gjort oss slitne nok, så var vi i alle fall slitne no! Det var brei semje om at det var utruleg godt å lande på norsk jord, og at det skulle bli godt å sjå att kjende fjes.

Her er eit bilete av heile reiseruta vår gjennom Kenya. Ganske langt! Vi veit dessverre ikkje kor mange kilometer vi har køyrd, men det er i alle fall sikkert at det utgjer utruleg mange timar!


lørdag 25. februar 2012

Dag 29 – Siste dagen i Kenya!!

Det var ein gong fem studentar som reiste på tur til Kenya. Der fekk dei oppleve, sjå og lære mykje. Dei starta i Nairobi og tok vidare for seg meir av Kenya enn kanskje ein kenyanar sjølv har sett. Etter fire veker i dette fantastiske landet, var siste dagen komen. Denne dagen kunne vi bruke til det vi ville, og då stod shopping på programmet. Vi var innom tre kjøpesenter der mellom anna ein god del kenyansk kaffi vart kjøpt inn, samt andre gåver som stod igjen. Lunsjen vart også eten på ein av desse store kjøpesentera.

Etter å ha shoppa i nokre timar, kjørte vi tilbake til Cawaal. Etter ein rask stopp, vart vi køyrd til SMCC for å få tilgang til Internett. Resten av kvelden vil gå med til pakking, middag og avslapping. I kveld skal vi også bestemme oss for fordeling av gåvepengane. Kjem det inn meir pengar etter dagen i dag, har vi på førehand bestemt kva dei vil gå til.

Vi planlegg å dra til flyplassen rundt kl. 23 (kenyansk tid), og flyet skal etter planen lette kl. 03.40. Vi skal ha ei mellomlanding i Istanbul, og landar i Oslo kl. 15 (norsk tid) om vi unngår forseinkingar.

Vi vil med dette få takke alle som har fylgt bloggen vår, og som har delt denne opplevinga med oss. Vi vil følgje opp med fleire innlegg, bl.a. om fordelinga av gåvepengane. Vi sjåast!





Kwaheri,
helsing Kenya-gjengen!

Dag 28 - Køyretur og sisalfabrikk

Idag var dagen for å reise tilbake til Nairobi, og vi starta reisa rundt klokka 07.00. Men først var det frukost klokka klokka 06.30. Idag hadde sjåføren bestemt seg for å kjøre ein annan veg slik at vi slapp unna ferjekøa. Denne vegen hadde han køyrt berre ein gong før, men han trudde det skulle gå bra. Kvaliteten på denne vegen til Voi var ikkje like bra som den andre, og det blei difor ein aller siste dose med rumpemassasje på oss. Plutseleg oppdaga vi ein elefant rett ved sidan av vegen, og det var også mykje apar å sjå.

Klokka 11.30 var vi framme på Scripture Mission Voi der vi skulle ete lunsj. Lunsjen skulle eigentleg vere klar klokka 11.00, men det hadde visst ikkje dei på Voi forstått, derfor blei det fabrikkbesøk før lunsj. Fyrst var vi på besøk på ein sisalfabrikk. Der gjekk vi raskt gjennom produksjonen. Fyrst køyrde dei sisalblada gjennom ei maskin der dei skilte ut fibera. Så hang dei det opp til tørk og sorterte fibera i tre kvalitetar. Det blir bl.a. brukt til tau, teppe og fyll i madrasser. Så mjukna dei det opp og pakka det. Vi fekk også sjå korleis dei spinn tau, men dette var kun til eget bruk.

Sisal-planta


Tørking av sisalfiber, nesten som hesjing!


Powernap?


Til høgre: stive fibrar. Til venstre: mjukare og ferdig sisalfiber

Så reiste vi vidare til ein appelsinfarm. På vegen såg vi også dei enorme områda dei hadde med sisalplanter. På farmen fekk vi smake dei saftige appelsinane, og vi fekk også med oss smaksprøve. Etter dette køyrde vi tilbake til Scripture Mission der det endeleg var tid for lunsj. På veg dit dukka det plutseleg opp ein heil haug med kamelar som var på gjennomreise. Rundt klokka 14.15 var vi klare til å fortsette resten av reisa tilbake til Nairobi. På turen blei det ein god del soving, og elles var det mykje flott natur å sjå. Litt etter klokka 20.00 var vi endeleg tilbake på Cawaal, der vi åt middag, diskuterte morgondagen og pakka. Dette er siste natta i Kenya, og i morgonkveld startar den lange reisa tilbake til Noreg. Tida i Kenya har gått utruleg fort, samstundes som det merkast at vi no har vore ute og reist i fire veker. Det har vore ein tur med mange inntrykk og mykje lærdom, men no er alle klare til å komme heim til Noreg og kjende omgjevnadar.

Små og grønne, men modne appelsinar!




Kwaheri,
Kenya-gjengen.

torsdag 23. februar 2012

Dag 27 – Snorkling i Det Indiske Hav

Dette var ein dag vi alle hadde sett fram til: dagen vi skulle snorkle i Det Indiske Hav! Vi møtte opp i hamna i ein landsby som heiter Shimoni. Der venta det ein båt på oss som skulle ta oss til baksida av Wasini Island, kor vi skulle snorkle og sjå på korallar og fisk. Sjølv om vi hadde ete frukost på hotellet, fekk vi no servert te/kaffi, mandazi (smakar som fattigmann) og frukt. Som på hotellet, fekk vi også her drikke så mykje brus vi ville, så det har blitt mykje brusdrikking her i Mombasa. Men brus er det einaste vi får å drikke som er nedkjølt her i Kenya.

Båtturen tok litt over ein time, og i mellomtida hadde vi fått utdelt maske, snorkel og symjeføter. Ein etter ein hoppa vi uti det deilige vatnet. Dei som jobba på båten meinte at vatnet var kaldt, men for oss var det heilt fantastisk å oppleve vatn som var naturleg oppvarma til rundt 30 grader. No var det berre å snorkle i veg. Vi hadde ikkje sett sola enno. På den eine sida var det ganske godt, for Mombasa er utruleg varmt, og sola svir huda før du veit ordet av det. På den andre sida hadde det vore enno vakrare og betre å sjå under vatn med sol. Men sol eller ikkje, vi tykte at dette var ei oppleving heilt utanom det vanlege. Rett som det var møtte vi på store fiskestimar av ulike slag. Det var oransje, gule, lilla, blå, stripete fiskar, og nokre med spesielle finner eller så gjennomsiktige og fargelause at dei nesten var usynlege. Vi kunne ikkje få nok! Men etter ein halvtime klatra vi oppi båten for ein pause, og vi køyrde litt lenger bort. Vi hoppa uti på ein ny plass for å snorkle ein halvtime til, og her var vatnet enno klarare, så vi fekk sett alt betre. Fantastisk! Vakkert! Supert! Vi storkoste oss og tykte det var synd at vi måtte til neste post på programmet: lunsj på øya Wasini. På den timeslange turen dit låg jentene framme på baugen og storkosa seg. Store bølgjer gjorde at det gynga ekstra mykje der framme, og vasspruten sto samtidig som det var ein behageleg vind. Vi lo og heldt oss godt fast. Nytelse!

 
Læraren er klar! 


 Swimming with dolphins! Vi skulle i alle fall ønske at vi kunne det, men vi såg dei godt frå båten.


 Gjengen klar for nye eventyr!


På øya Wasini var det ein utandørs restaurant kor vi skulle ete lunsj. To av oss våga seg til å ete sjømat, medan dei andre fekk kylling. Dei som åt krabbe og fisk meinte at dette var eit utsøkt måltid. Vi tok ein liten tur i landsbyen på øya, og før vi snudde og gjekk tilbake, gjekk vi gjennom ein slags korallpark. Når tidevatnet er på det høgaste, kjem vatnet heilt opp til landsbyen. Men no var det fjøre, slik at vi enkelt kunne sjå korallane som sto der. Det er kalkstein, som lett lét seg forme, så her var det mange rare former å sjå. Vi tykte vi såg ein elefant i ein av korallane. Her var det også ein mangrove-skog. Mangrove er ekstremt viktige tre som hindrar erosjon. Det er ikkje mange treslag som toler saltvatn og den lause sandbotnen, så dette er heilt unike tre som er viktige å verne. Dessverre er det fleire tre som blir hogd ned enn det som er bra.

 Korallparken, kor vatnet kjem ved høgt tidevatn.



 Kalkstein lét seg lett forme av vatn.


Wasini Island




Programmet var over, og vi blei trygt ført over til fastlandet igjen. Då vi kom tilbake på hotellet, hoppa alle rett i dusjen. Då vi møttest til middag var det mange som kunne fortelje at dei var blitt solbrent både her og der. Vi såg ut som kokte hummer heile gjengen, nesten så ein skulle tru at det var vi som var hovudretten på hotellet i kveld...Så til trass for at vi blei beordra av læraren til å snorkle med t-skjorte på, og til trass for at sola ikkje kom fram før vi var ferdige med å snorkle, vart vi solbrente likevel. Same kor mykje ein smører seg, og same og det er sol eller ikkje, så blir ein solbrent her... Men no er det ikkje lenge til vi skal heim att til kalde Noreg, kor det er så å seie umogleg å bli solbrent, same kva tid på året det er snakk om ;)

 Det skal lite til for å skitne til føtene i dette støvete landet!


Helsing frå Kenya-gjengen, som no har berre to dagar igjen i dette flotte Aust-Afrikanske landet!

Dag 26 - Omvisning i Mombasa

Vi køyrde og tok ferje inn til byen - klare for nye inntrykk. Det fyrste vi gjorde var å besøke eit hindutempel. Her fekk vi omvisning av Muhammed Ali; vår guide for dagen. Det var interessant og vi fekk høyre om ulike ritual og såg mange gudsbilete. Ei fargerik oppleving. På gata i Mombasa stoppa vi opp ved eit fikentre. Det var enormt, og det hadde noko som såg ut som røter hengande nedover. Vi såg også fleire Baubab tre. Desse kan bli svært gamle, godt over 2000 år!

Fikentre, kor flaggermus likar å henge på dagtid.


Baobab-tre. Guiden antok at det var rundt 800 år gamalt.


Så for vi til Fort Jesus. Portugisarane kom til Mombasa i 1498. Mombasa si naturlege hamn var svært attraktiv for utlendingane. I 1593 tok dei byen, og av frykt for tryggleiken byrja dei straks å byggje eit stort fort for å kontrollere hamneområdet. Dei såg seg sjølv som representantar for kristendomen, og difor vart det naturlege namnet Fort Jesus. Dette fortet har ei lang og brutal historie om mord, beleiring, utsvelting, bombing og lureri. Det var fleire kampar mellom arabarar og portugisarane om makta i Mombasa. Difor har det vore fleire skifte på fortet. I 1697 dødde portugisarane av at dei vart utsvelt ettersom arabarane erobra området rundt fortet. I 1960 vart dette fortet opna som museum. Det var dette museet vi besøkte.

Fort Jesus på innsida.


Guiden tok oss med vidare på ein gåtur i gamlebyen. Her var det smale bakgater, og det spesielle var at byggestilen er veldig inspirert av arabarkulturen. Her såg vi ei blanding av ulike hudfargar: litt indisk, litt kenyansk, litt somalisk, litt arabisk og sikkert enno meir. 90% av dei som bur i gamlebyen er muslimar. Det var heilt annleis frå Nairobi, kor vi ikkje kan hugse å ha sett så veldig mange muslimar. Vidare gjekk vi gjennom markedet, fullt av grønsaker, frukt, krydder, klede, sko og andre nødvendige varer. Vi fekk lukte på te, kaffi, vanilje og sitrongras, og mange prøvde å selje oss varene sine, men det einaste vi kjøpte var to kokosnøtter til å drikke av. Seljaren skar av toppen og ga oss kvart vårt sugerøyr. Det var søtt, men vi likte det ikkje så godt at vi drakk opp alt.

Smale gatar i gamlebyen.


Oddis siktar oppover! Sjeldant å møte så høge folk i Kenya!


 
Drikking av kokosnøtt!


Etter denne gåturen var programmet i byen ferdig, så vi stilte oss på nytt i ferjekøa, som gjekk overraskande kjapt, til trass for at det var midt på dagen. Det betydde at vi kom til å rekke lunsjbuffeten på hotellet. Då vi hadde ete oss gode og (litt for) mette, fekk vi resten av dagen fri til å gjere som vi ville, og det var så klart å ligge ved bassenget. Rett før bassenget stengte, fann vi jentene på at vi skulle gi Kjetil eit lynkurs i "havfruesymjing", altså å bevege kroppen som ei havfrue under vatn. Dette hadde vi det veldig morosamt med! Det måtte eit par forsøk til før han fekk taket på det, medan Odd Ragnar fekk det til på fyrste forsøk. Den fødde havfrue!

 
Bassenget ved hotellet vårt


Helsing Kenya-gjengen

Dag 25 – Treverkstad og Kaskazi Beach Hotel

I dag var vi på vegen frå Voi til Mombasa klokka 07, og etter 2 ½ time var vi framme ved Akamba Handicraft Industry Co-op Society Ltd. Dette er ein treverkstad der lokale handverkarar har slått seg saman og har no både verkstad og utsal. Der jobbar til saman heile 3 000 folk! Vi fekk gå inn på området der dei satt under mange små opne hus og laga flotte utskjeringar av ulike typar hardved som til dømes ibenholt. Det som fascinerte oss mest var det grove verktøyet dei brukte til å lage produkta sine og vidare detaljane på utskjeringane. Dette kunne vere alt frå store dyr til små skeier.




 Frå høgre til venstre: kisi-stein, grovt utskåre elefantar, kvitmåla elefantar og raudmåla elefantar


Etter kvart som vi gjekk rundt mellom husa, fekk vi sjå korleis dei laga dei ulike figurane. Vi stoppa opp ved ein som heldt på å lage eit sett med salatbestikk. På den eine enden av bestikket skulle han skjere ut ein elefant som pynt. Dette gjekk føre seg utan nokon slags teikningar eller målingar, alt vart gjort på frihand. Då vi var ferdig å sjå korleis dei laga produkta sine, gjekk vi bort til utsalet deira. Kvart produkt er merka med eit varenummer som er nummeret til den personen som har laga det. 80 % av prisen på vara får produsenten sjølv, medan resten går til drifta av verkstaden og utsalet. Inne på utsalet var det fantastisk mykje fint! Vi kjøpte alle noko som vi skal ha med heim, så no har nære og kjære noko å glede seg til!

Grove reiskapar!

 Ferdig resultat!


Då handlerunda var ferdig, retta vi snuten mot hotellet vi skal bu på dei neste tre nettene. Denne køyreturen inneheldt ein ferjetur i skikkeleg kenyansk stil. Vi stod 1 time og 3 kvarter i kø for å kome oss ombord ferja. Dette hadde sjølvsagt gått mykje raskare om vi hadde gitt kontrolløren "something small", men som ærlege folk vi er smørte vi oss heller med tolmod. Ferjene var opne og annleis frå dei norske ferjene vi er vande med. Kontrollørane tok på så mange bilar som dei ville, og fylte opp resten med passasjerar. Dei fekk for øvrig ta ferja gratis. Vi fann heller ingen sveler med brunost og/eller sukker på, men utanom det var ferjeturen i grunn nokså fin. Vi fekk sjå ut over havet og inn i havna i Mombasa, som faktisk er den 2. største hamna i Afrika!

Hundrevis av passasjerar som forlét den vesle ferja.


Etter ferjeturen køyrde vi om lag i ein time før vi kom fram til Kaskazi Beach Hotel. Det er fantastisk flott med eit stort badebasseng, palmar overalt og strand rett nedom området. Alle fekk også "all inclusive"-band, så her skal det drikkast brus og etast mykje! Resten av dagen gjekk med til lunsj, avslapping ved bassenget, middag og vidare blogg- og dagbokskriving.

Kwaheri,
helsing Kenya-gjengen!

tirsdag 21. februar 2012

Dag 24 - Kitengela Glass Factory og biltur til Voi

Enkelte av oss har byrja å bli rimeleg lei av den standardiserte åpningssetninga: «I dag vart frukosten servert ...». Difor måtte vi tenke nytt, og begynner difor med følgande setning: Frukosten vart i dag servert klokka 07. Planen for denne dagen var besøk på Kitengela Glass Factory, samt kjøretur til Voi.

Vår nye bussjåfør, Paul, var litt forsinka, men vi kom oss på vegen mot glasfabrikken rundt kl. 07.45. Etter dryge 45 minutt var vi framme. Vi fekk ei visning på området, i tillegg til at vi fekk demonstrert korleis ein kan lage ei fruktskål. Dette var ei imponerande oppvisning! På rundt 10 minutt klarte dei å lage ei flott fruktskål. Vi fekk fortalt at sjølve avkjølingsprosessen tek 18 timar. Etter dette traska vi rundt på det store området, og fekk sjå mange av produkta dei har laga. Kreativiteten er det ingenting å utsette på. Glasblåsarhuset såg ut som eit hus teke rett ut av ein Harry Potter-film! Bruskorkar og andre ting blei til mosaikk på teglsteinane og veggane på området. Glasfabrikken er nemleg veldig fokusert på gjenvinning/resirkulering, så mange av produkta var laga av nettopp brukte gjenstandar. Også glaset dei smeltar om og lagar nye ting av, er resirkulert.

Her er glasblåsarhuset med dekorasjonar hengande på utsida


Dekorasjonar som dette kunne ein finne over heile området 


Perlebutikken. Legg merke til den eventyraktige forma på det vesle huset. 


Etter dette besøket køyrde vi tilbake til Cawaal for å ete lunch og pakke ferdig. Etter planen skulle vi denne ettermiddagen ha teke nattog til Mombasa, men på fredag fekk vi beskjed om at toget har blitt innstilt fram til april! Difor måtte vi organisere turen annleis. Vi bestemte oss for å leige ein minibuss og overnatte i Voi. Turen til Voi tok omtrent fem timar, og vi sjekka inn på Voi Scripture Mission. Her vart vi raskt teke meget godt i mot og fekk ein guida tur på området av Michael. Først tok vi ein titt på gårdsprodukta deira. Mellom anna dyrka dei mango og appelsin. Eit par av oss drista seg faktisk til å smake på umoden appelsin. Området hadde også 3 "fiskebasseng". Vatnet i desse bassenga vart leda frå takrennene frå husa. Eventuelle matoverskot vart selde vidare til lokale. Men hovudsakleg dyrkar dei mat til eiga sjølvberging.

Vi fekk også ta ein titt innom radiostasjonen deira, og fekk bl.a. helst på "nyheitsankeret" som straks skulle gå på lufta. Til kvelds fekk vi servert kylling, ris og poteter, med nokså kalde brus til!
Kan også legge til at ein ubuden gjest gjorde sitt inntog på badet denne kvelden. Skodje-representant Mari (vennskapskommunen til Voi!) vart overraska når ein hoppande frosk spratt rundt på badegolvet, og frosken måtte pent forlate lokalet når dusj var neste sak på agendaen. Hakuna Matata!


Bruskorkar støypt nedi golvet



Spegelbitar i dråpeform laga på bestilling frå Anne Berit

Eitt av galleria

Kwaheri,
helsing Kenya-gjengen

Gåvekontoen

Til no har vi vore så heldige og fått sett fleire spanande og viktige prosjekt. Det har vore mykje forskjellig og interessant, og det har ikkje vore lett å kome fram til kven vi vil støtte. Alle prosjekta er unike og samfunnsutviklande. Etter ein del diskusjon og refleksjon har vi bestemt oss for å støtte tre ulike prosjekt. Desse er: St. John's Community Centre i Pumwanislummen, helsestasjonen i Chesta og Chesta Girls' Secondary School. Vi har enno ikkje bestemt fordelinga, fordi vi vil sjå kor mykje vi får inn. Det er framleis mogleg å gje pengegåver fram til 25/2, og kontonummeret er 3991.04.99479

Dersom det er ynskjeleg kan ein øremerke gåva med eitt av dei tre prosjekta i kommentarfeltet til dette blogginnlegget. Dette kan også dei tidlegare givarane gjere. Her kjem litt info om dei tre ulike prosjekta:


St. John's Community Centre

St. John's Community Centre ligg i Pumwani-slummen der det bur omlag 60 000 menneske. St- John's arbeider for å hjelpe dei som bur i denne slummen og då med eit spesielt fokus på kvinner. Dei har mange ulike program, og vi vart veldig imponerte over kor store ringverknader desse får for dei som bur i slummen. St. John's arbeider til dømes med haldningsendringar, få til berekraftige bedrifter på grasrotnivå som er driven av menneska i slummen sjølve, og vidare dreiv dei også ein skule for borna i slummen. Denne skulen er veldig viktig for å gi borna grunnlag til vidare utvikling og utdanning, samt for å halde dei borte frå kriminalitet som det elles er veldig mykje av her. Dei tilbyr også ein god del fritidsaktivitetar for unge, noko som er med på å gje dei sjølvkjensle og håp om at dei faktisk kan utgjere noko, samt gjere dei sjølvstendige til å ta eigne val.

St.John's Community Centre har god erfaring med å arbeide med ulike prosjekt som dei heile vegen evaluerar. Dersom dei meiner eit prosjekt ikkje verkar slik det er meint, prøver dei å betre det eller avsluttar det med ein gong. Dei følgjer til dømes godt med på pengane som folk støtter dei med, og ein vil få tilbakemelding om kva desse pengane går til.

Vi har sett at St. John's sitt arbeid har utgjort mykje positivt i slummen, men at det fortsatt er ein lang veg å gå. Håper derfor at ved å støtte denne organisasjonen kan dei vidare hjelpe og utvikle samfunnet i Pumwani-slummen. 


Helsestasjonen i Chesta (Pokot-området)

Denne helsestasjonen dekker eit område på heile 30 000 menneske. Både dei som bur oppe i fjella, og dei nede på slettene må kome hit for å få behandling. Nokre kan ha ein veg på opptil 50 km. Når ein tenkjer over kor stort område denne stasjonen skal dekkje, var det ganske utruleg at dei held til i så små lokale som dei gjer. På eit lite rom var det til dømes både vaksinering, laboratorium og fødestue – og alt dette kunne gå føre seg på ein gong!. Dei vanlegaste sjukdomane er malaria, tyfloid og lungebetennelse. Spesielt utsett er borna under fem år. På ein dag har dei kapasitet til å behandle 30 pasientar og gje 200 vaksiner. Helsestasjonen har ope kvar dag, og dei få tilsette har ofte lange arbeidsdagar. Ein har eit prinsipp om at ein skal dele på utgiftene, ein krev difor ein eigenandel frå pasientane. Noko særeige ved denne helsestasjonen er at ingen vert nekta behandling om dei ikkje kan betale for seg. Dei får då moglegheita til å gjere opp for seg seinare. I praksis er det eit underskot på 70-100 000 shilling per år (5000 til 7000 NOK). Ein del av dette får dei dekt gjennom kollekt frå kyrkja,og noko gjennom gåver, men økonomien er ei utfordring.

Det var verkeleg imponerande å få høyre om dette arbeidet og sjå korleis det vart organisert. Dei gjer ein stor innsats – trass i dei mange utfordringane. Dette er også grunnen til at vi har valt å støtte denne organisasjonen, samt at dei gjev behandling til alle, sjølv om nokre ikkje kan betale for seg.


Chesta Girls' Secondary School

Denne internatskulen har om lag 365 elevar, berre jenter. Dei som studerer her har anten søkt sjølve eller er redda av skulen. Denne skulen reddar nemleg jenter frå å verte omskjert og gifta bort ved å halde dei på skulen og gi dei utdanning. Dette omfattar både jenter med og utan foreldre. Rektoren ved denne skulen sa at dersom dei får utdanna ei jente i ein familie, er det stort sannsyn for at også dei andre jentene i familien vert skåna for omskjering og bortgifting. Skulen følgjer også opp jentene etter at dei er ferdig og til dei har fått seg jobb.

Pengane vi vil gi til denne skulen vil gå til å betale skulepengar for dei jentene som treng det mest. Etter 8. klasse må ein nemleg betale skulegangen sjølv, og det vert sjølvsagt problematisk for dei som er foreldrelause eller driv sjølvbergingsjordbruk der pengar er ein sjeldan ting. Administrasjonen ved Chesta Girls' Secondary School går gjennom situasjonen til alle elevane, og vel på denne måten ut kven av dei som treng pengane mest. Eitt års skulegang for ei jente kostar om lag 2000 NOK. Vi har enno ikkje bestemt oss for kor mange av jentene vi vil støtte, då dette er avhengig av den endelege gåvesummen og fordelinga. 

Stor takk til alle givarar så langt, helsing Kenya-gjengen.

søndag 19. februar 2012

Dag 23 – Nasjonalmuseum og avslapping

Fridag nummer to! Vi er tilbake i Nairobi og bur no på Cawaal Guest House, som er like ved SMCC. Grunnen til at vi ikkje bur på SMCC no, er at dei er fullbooka pga. ein konferanse. Heldigvis skulle vi få lov til å dra dit likevel, for vi ville gjerne ha Internett til å oppdatere bloggen, og så hadde vi veldig lyst til å sole oss og bade.

Klokka 10 vart Mari, Maria og Kjetil køyrd til SMCC for å jobbe med bloggen, og Ingvild, Anne Berit og Odd Ragnar køyrde vidare til nasjonalmuseet i sentrum. Der fann vi alle dei flotte og kjende afrikanske dyra til utstilling, men også mange dyr vi aldri hadde sett. Dei hadde ei avdeling med eldgamle hovudskallar frå våre forfedre som levde for 1,5-2 millionar år sidan, som alle var gravne opp i Kenya. Elles hadde dei nesten alle 900 fuglesortane som finst i landet, ei avdeling med Kenya si nyare historie, og til slutt ei avdeling om livets gang, t.d. korleis dei feirar at eit barn er fødd.

Vi plukka opp gjengen på SMCC for å ete lunsj på Cawaal. Dei hadde jobba godt med bloggen medan dei andre var på museum. Deretter dro heile gjengen tilbake for å nytte seg av det vesle badeanlegget på SMCC. Vi var forsiktige med solinga, sidan dei fleste av oss blei solbrente i nakken og skuldrane i går, til tross for iherdig smøring. Vi såg at mørke skyar nærma seg, så vi skunda oss å bade litt, men heldigvis tok det ca to timar før regnet faktisk kom, og då kom det mykje! Vi fann også tid til å hoppe på trampoline. Kl 18 gjekk vi tilbake til Cawaal for å ete middag og pakke til Mombasa-turen.




Vi har det veldig fint, og håpar alt er bra med kjente og kjære heime i Noreg. Klem frå Kenya-gjengen <3

Dag 22 - Lake Oloindian og Mount Longonot

I dag for vi fyrst til lake Oloindian, rett ved lake Naivasha. I det vi kom ned til sjøen, var vasskanten full av flamingoar. Det var eit stilig syn. Vi bestilte båttur slik at vi kunne få sjå meir av fuglelivet langs denne innsjøen. Vi spurte kor mange flamingoar det var her, og guiden tippa kring 120 000! Nokre var meir rosa enn andre. Årsaka til dette er at dei vert meir rosa med alderen, pga. algane som dei et. Vi fekk sjå både stor og liten flamingo. Det var ein fin tur, og vi såg også mange flodhestar. I tillegg såg vi plystrande and. Det var eit yrande fugleliv - eit eldorado for fugleentusiastar. 





Neste post på programmet var Mount Longonot. Dette fjellet er eit vulkansk fjell, og ligg i nasjonalparken som heiter Mt. Longonot nasjonalpark. Etter å ha kome inn i nasjonalparken, gjekk vi i omlag vel ein time. Det var mange speidarar som også hadde utflukt hit denne dagen. På toppen såg vi ned i krateret, og det var litt av ei utsikt. Krateret var veldig stort, og svært grøderikt. Frå toppen kunne vi også sjå ned på ein parasittvulkan på sida av Mt. Longonot. Vi såg også korleis dei tidlegare utbrota viste igjen i vegetasjonen. Der det siste utbrotet hadde gått, var det ei markant grense i skogen. Her var det mykje meir grøn vegetasjon enn områda rundt. Då vi kom opp, såg vi òg ein stad der det kom opp litt røyk. Vi gjekk dit, og då kjende vi litt svovellukt.

Mount Longonot frå ca fire km avstand 



Parasittvulkanen med ei stor, trugande regnsky til venstre


Ein liten del av krateret 


 Vi gjekk ein liten tur langs kanten av krateret


Etter å ha kome vel ned igjen, sette vi oss i bilen og køyrde tilbake til Nairobi. Her åt vi middag og fekk tatt ein dusj. 

Helsing Kenya-gjengen!