Her er eit bilete av heile reiseruta vår gjennom Kenya. Ganske langt! Vi veit dessverre ikkje kor mange kilometer vi har køyrd, men det er i alle fall sikkert at det utgjer utruleg mange timar!
Studietur til Kenya 2012
Blogg om reisa vår til Kenya i samband med Skuleretta samfunnsfag 104
onsdag 29. februar 2012
Borte bra, men heime best
For dei som ikkje har snakka med oss, så har vi altså landa trygt i Noreg. Begge flya med Turkish Airlines var forseinka med ein halvtime, og begge flya nedover i januar var enda meir forseinka, så vi lurte litt på kvifor dei var kåra til Europas beste flyselskap… Vi vil nok tenkje oss om ein ekstra gong før vi flyg med dei igjen. Men heldigvis skapte ikkje dette nemneverdige problem for oss på veg oppover på søndag. Mari var den fyrste som kom heim etter ca. 22 timars reising, medan Kjetil tok nattbussen frå Oslo og brukte om lag 1,5 døgn. Om ikkje fire veker på farta i Kenya hadde gjort oss slitne nok, så var vi i alle fall slitne no! Det var brei semje om at det var utruleg godt å lande på norsk jord, og at det skulle bli godt å sjå att kjende fjes.
Her er eit bilete av heile reiseruta vår gjennom Kenya. Ganske langt! Vi veit dessverre ikkje kor mange kilometer vi har køyrd, men det er i alle fall sikkert at det utgjer utruleg mange timar!
Her er eit bilete av heile reiseruta vår gjennom Kenya. Ganske langt! Vi veit dessverre ikkje kor mange kilometer vi har køyrd, men det er i alle fall sikkert at det utgjer utruleg mange timar!
lørdag 25. februar 2012
Dag 29 – Siste dagen i Kenya!!
Det var ein gong fem
studentar som reiste på tur til Kenya. Der fekk dei oppleve, sjå og
lære mykje. Dei starta i Nairobi og tok vidare for seg meir av Kenya
enn kanskje ein kenyanar sjølv har sett. Etter fire veker i dette
fantastiske landet, var siste dagen komen. Denne dagen kunne vi bruke
til det vi ville, og då stod shopping på programmet. Vi var innom
tre kjøpesenter der mellom anna ein god del kenyansk kaffi vart
kjøpt inn, samt andre gåver som stod igjen. Lunsjen vart også eten
på ein av desse store kjøpesentera.
Etter å ha shoppa i
nokre timar, kjørte vi tilbake til Cawaal. Etter ein rask stopp,
vart vi køyrd til SMCC for å få tilgang til Internett. Resten av
kvelden vil gå med til pakking, middag og avslapping. I kveld skal
vi også bestemme oss for fordeling av gåvepengane. Kjem det inn meir
pengar etter dagen i dag, har vi på førehand bestemt kva dei vil gå
til.
Vi planlegg å dra
til flyplassen rundt kl. 23 (kenyansk tid), og flyet skal etter
planen lette kl. 03.40. Vi skal ha ei mellomlanding i Istanbul, og
landar i Oslo kl. 15 (norsk tid) om vi unngår forseinkingar.
Vi vil med dette få takke alle som har
fylgt bloggen vår, og som har delt denne opplevinga med oss. Vi vil
følgje opp med fleire innlegg, bl.a. om fordelinga av gåvepengane. Vi
sjåast!
Kwaheri,
helsing Kenya-gjengen!
Dag 28 - Køyretur og sisalfabrikk
Idag var dagen for å
reise tilbake til Nairobi, og vi starta reisa rundt klokka 07.00. Men
først var det frukost klokka klokka 06.30. Idag hadde sjåføren
bestemt seg for å kjøre ein annan veg slik at vi slapp unna ferjekøa.
Denne vegen hadde han køyrt berre ein gong før, men han trudde det
skulle gå bra. Kvaliteten på denne vegen til Voi var ikkje like bra
som den andre, og det blei difor ein aller siste dose med rumpemassasje på oss. Plutseleg
oppdaga vi ein elefant rett ved sidan av vegen, og det var også
mykje apar å sjå.
Kwaheri,
Kenya-gjengen.
Klokka 11.30 var vi framme
på Scripture Mission Voi der vi skulle ete lunsj. Lunsjen skulle
eigentleg vere klar klokka 11.00, men det hadde visst ikkje dei på
Voi forstått, derfor blei det fabrikkbesøk før lunsj. Fyrst var vi
på besøk på ein sisalfabrikk. Der gjekk vi raskt gjennom
produksjonen. Fyrst køyrde dei sisalblada gjennom ei maskin der dei
skilte ut fibera. Så hang dei det opp til tørk og sorterte fibera i
tre kvalitetar. Det blir bl.a. brukt til tau, teppe og fyll i
madrasser. Så mjukna dei det opp og pakka det. Vi fekk også sjå
korleis dei spinn tau, men dette var kun til eget bruk.
Sisal-planta
Tørking av sisalfiber, nesten som hesjing!
Powernap?
Til høgre: stive fibrar. Til venstre: mjukare og ferdig sisalfiber
Så reiste vi vidare til
ein appelsinfarm. På vegen såg vi også dei enorme områda dei
hadde med sisalplanter. På farmen fekk vi smake dei saftige
appelsinane, og vi fekk også med oss smaksprøve. Etter dette køyrde
vi tilbake til Scripture Mission der det endeleg var tid for lunsj.
På veg dit dukka det plutseleg opp ein heil haug med kamelar
som var på gjennomreise. Rundt klokka 14.15 var vi klare til å
fortsette resten av reisa tilbake til Nairobi. På turen blei det ein
god del soving, og elles var det mykje flott natur å sjå. Litt
etter klokka 20.00 var vi endeleg tilbake på Cawaal, der vi åt
middag, diskuterte morgondagen og pakka. Dette er siste natta i
Kenya, og i morgonkveld startar den lange reisa tilbake til Noreg.
Tida i Kenya har gått utruleg fort, samstundes som det merkast at vi
no har vore ute og reist i fire veker. Det har vore ein tur med mange
inntrykk og mykje lærdom, men no er alle klare til å komme heim til
Noreg og kjende omgjevnadar.
Små og grønne, men modne appelsinar!
Kwaheri,
Kenya-gjengen.
torsdag 23. februar 2012
Dag 27 – Snorkling i Det Indiske Hav
Dette var ein dag vi alle
hadde sett fram til: dagen vi skulle snorkle i Det Indiske Hav! Vi
møtte opp i hamna i ein landsby som heiter Shimoni. Der venta det
ein båt på oss som skulle ta oss til baksida av Wasini Island, kor
vi skulle snorkle og sjå på korallar og fisk. Sjølv om vi hadde
ete frukost på hotellet, fekk vi no servert te/kaffi, mandazi
(smakar som fattigmann) og frukt. Som på hotellet, fekk vi også her
drikke så mykje brus vi ville, så det har blitt mykje brusdrikking
her i Mombasa. Men brus er det einaste vi får å drikke som er
nedkjølt her i Kenya.
Båtturen tok litt over
ein time, og i mellomtida hadde vi fått utdelt maske, snorkel og
symjeføter. Ein etter ein hoppa vi uti det deilige vatnet. Dei som
jobba på båten meinte at vatnet var kaldt, men for oss var det
heilt fantastisk å oppleve vatn som var naturleg oppvarma til rundt
30 grader. No var det berre å snorkle i veg. Vi hadde ikkje sett
sola enno. På den eine sida var det ganske godt, for Mombasa er
utruleg varmt, og sola svir huda før du veit ordet av det. På den
andre sida hadde det vore enno vakrare og betre å sjå under vatn
med sol. Men sol eller ikkje, vi tykte at dette var ei oppleving
heilt utanom det vanlege. Rett som det var møtte vi på store
fiskestimar av ulike slag. Det var oransje, gule, lilla, blå,
stripete fiskar, og nokre med spesielle finner eller så
gjennomsiktige og fargelause at dei nesten var usynlege. Vi kunne
ikkje få nok! Men etter ein halvtime klatra vi oppi båten for ein
pause, og vi køyrde litt lenger bort. Vi hoppa uti på ein ny plass
for å snorkle ein halvtime til, og her var vatnet enno klarare, så
vi fekk sett alt betre. Fantastisk! Vakkert! Supert! Vi storkoste oss
og tykte det var synd at vi måtte til neste post på programmet:
lunsj på øya Wasini. På den timeslange turen dit låg jentene
framme på baugen og storkosa seg. Store bølgjer gjorde at det gynga
ekstra mykje der framme, og vasspruten sto samtidig som det var ein
behageleg vind. Vi lo og heldt oss godt fast. Nytelse!
Læraren er klar!
Swimming with dolphins! Vi skulle i alle fall ønske at vi kunne det, men vi såg dei godt frå båten.
Gjengen klar for nye eventyr!
På øya Wasini var det
ein utandørs restaurant kor vi skulle ete lunsj. To av oss våga seg
til å ete sjømat, medan dei andre fekk kylling. Dei som åt krabbe
og fisk meinte at dette var eit utsøkt måltid. Vi tok ein liten tur
i landsbyen på øya, og før vi snudde og gjekk tilbake, gjekk vi
gjennom ein slags korallpark. Når tidevatnet er på det høgaste,
kjem vatnet heilt opp til landsbyen. Men no var det fjøre, slik at
vi enkelt kunne sjå korallane som sto der. Det er kalkstein, som
lett lét seg forme, så her var det mange rare former å sjå. Vi
tykte vi såg ein elefant i ein av korallane. Her var det også ein
mangrove-skog. Mangrove er ekstremt viktige tre som hindrar erosjon.
Det er ikkje mange treslag som toler saltvatn og den lause
sandbotnen, så dette er heilt unike tre som er viktige å verne.
Dessverre er det fleire tre som blir hogd ned enn det som er bra.
Wasini Island
Programmet var over, og vi
blei trygt ført over til fastlandet igjen. Då vi kom tilbake
på hotellet, hoppa alle rett i dusjen. Då vi møttest til middag
var det mange som kunne fortelje at dei var blitt solbrent både her
og der. Vi såg ut som kokte hummer heile gjengen, nesten så ein skulle tru at det var vi som var hovudretten på hotellet i kveld...Så til trass for at vi blei beordra av læraren til å snorkle
med t-skjorte på, og til trass for at sola ikkje kom fram før vi
var ferdige med å snorkle, vart vi solbrente likevel. Same kor mykje
ein smører seg, og same og det er sol eller ikkje, så blir ein
solbrent her... Men no er det ikkje lenge til vi skal heim att til
kalde Noreg, kor det er så å seie umogleg å bli solbrent, same kva
tid på året det er snakk om ;)
Det skal lite til for å skitne til føtene i dette støvete landet!
Helsing frå
Kenya-gjengen, som no har berre to dagar igjen i dette flotte
Aust-Afrikanske landet!
Dag 26 - Omvisning i Mombasa
Vi køyrde og tok ferje
inn til byen - klare for nye inntrykk. Det fyrste vi gjorde var å
besøke eit hindutempel. Her fekk vi omvisning av Muhammed Ali; vår
guide for dagen. Det var interessant og vi fekk høyre om ulike
ritual og såg mange gudsbilete. Ei fargerik oppleving. På gata i
Mombasa stoppa vi opp ved eit fikentre. Det var enormt, og det hadde
noko som såg ut som røter hengande nedover. Vi såg også fleire
Baubab tre. Desse kan bli svært gamle, godt over 2000 år!
Fikentre, kor flaggermus likar å henge på dagtid.
Baobab-tre. Guiden antok at det var rundt 800 år gamalt.
Så for vi til Fort Jesus.
Portugisarane kom til Mombasa i 1498. Mombasa si naturlege hamn var
svært attraktiv for utlendingane. I 1593 tok dei byen, og av frykt
for tryggleiken byrja dei straks å byggje eit stort fort for å
kontrollere hamneområdet. Dei såg seg sjølv som representantar for
kristendomen, og difor vart det naturlege namnet Fort Jesus. Dette
fortet har ei lang og brutal historie om mord, beleiring, utsvelting,
bombing og lureri. Det var fleire kampar mellom arabarar og
portugisarane om makta i Mombasa. Difor har det vore fleire skifte på
fortet. I 1697 dødde portugisarane av at dei vart utsvelt ettersom
arabarane erobra området rundt fortet. I 1960 vart dette fortet opna
som museum. Det var dette museet vi besøkte.
Fort Jesus på innsida.
Guiden tok oss med vidare
på ein gåtur i gamlebyen. Her var det smale bakgater, og det
spesielle var at byggestilen er veldig inspirert av arabarkulturen.
Her såg vi ei blanding av ulike hudfargar: litt indisk, litt
kenyansk, litt somalisk, litt arabisk og sikkert enno meir. 90% av
dei som bur i gamlebyen er muslimar. Det var heilt annleis frå
Nairobi, kor vi ikkje kan hugse å ha sett så veldig mange muslimar. Vidare
gjekk vi gjennom markedet, fullt av grønsaker, frukt, krydder,
klede, sko og andre nødvendige varer. Vi fekk lukte på te, kaffi,
vanilje og sitrongras, og mange prøvde å selje oss varene sine, men
det einaste vi kjøpte var to kokosnøtter til å drikke av. Seljaren
skar av toppen og ga oss kvart vårt sugerøyr. Det var søtt, men vi
likte det ikkje så godt at vi drakk opp alt.
Smale gatar i gamlebyen.
Oddis siktar oppover! Sjeldant å møte så høge folk i Kenya!
Drikking av kokosnøtt!
Etter denne gåturen var
programmet i byen ferdig, så vi stilte oss på nytt i ferjekøa, som
gjekk overraskande kjapt, til trass for at det var midt på dagen.
Det betydde at vi kom til å rekke lunsjbuffeten på hotellet. Då vi
hadde ete oss gode og (litt for) mette, fekk vi resten av dagen fri
til å gjere som vi ville, og det var så klart å ligge ved
bassenget. Rett før bassenget stengte, fann vi jentene på at vi
skulle gi Kjetil eit lynkurs i "havfruesymjing", altså å bevege
kroppen som ei havfrue under vatn. Dette hadde vi det veldig morosamt
med! Det måtte eit par forsøk til før han fekk taket på det,
medan Odd Ragnar fekk det til på fyrste forsøk. Den fødde havfrue!
Bassenget ved hotellet vårt
Helsing Kenya-gjengen
Dag 25 – Treverkstad og Kaskazi Beach Hotel
I dag var vi på vegen frå
Voi til Mombasa klokka 07, og etter 2 ½ time var vi framme ved
Akamba Handicraft Industry Co-op Society Ltd. Dette er ein
treverkstad der lokale handverkarar har slått seg saman og har no
både verkstad og utsal. Der jobbar til saman heile 3 000 folk! Vi
fekk gå inn på området der dei satt under mange små opne hus og
laga flotte utskjeringar av ulike typar hardved som til dømes
ibenholt. Det som fascinerte oss mest var det grove verktøyet dei
brukte til å lage produkta sine og vidare detaljane på
utskjeringane. Dette kunne vere alt frå store dyr til små skeier.
Frå høgre til venstre: kisi-stein, grovt utskåre elefantar, kvitmåla elefantar og raudmåla elefantar
Etter kvart som vi gjekk
rundt mellom husa, fekk vi sjå korleis dei laga dei ulike figurane.
Vi stoppa opp ved ein som heldt på å lage eit sett med
salatbestikk. På den eine enden av bestikket skulle han skjere ut
ein elefant som pynt. Dette gjekk føre seg utan nokon slags
teikningar eller målingar, alt vart gjort på frihand. Då vi var
ferdig å sjå korleis dei laga produkta sine, gjekk vi bort til
utsalet deira. Kvart produkt er merka med eit varenummer som er
nummeret til den personen som har laga det. 80 % av prisen på vara
får produsenten sjølv, medan resten går til drifta av verkstaden
og utsalet. Inne på utsalet var det fantastisk mykje fint! Vi kjøpte
alle noko som vi skal ha med heim, så no har nære og kjære noko å
glede seg til!
Grove reiskapar!
Ferdig resultat!
Då handlerunda var
ferdig, retta vi snuten mot hotellet vi skal bu på dei neste tre
nettene. Denne køyreturen inneheldt ein ferjetur i skikkeleg
kenyansk stil. Vi stod 1 time og 3 kvarter i kø for å kome oss
ombord ferja. Dette hadde sjølvsagt gått mykje raskare om vi hadde
gitt kontrolløren "something small", men som ærlege folk vi er
smørte vi oss heller med tolmod. Ferjene var opne og annleis frå
dei norske ferjene vi er vande med. Kontrollørane tok på så mange
bilar som dei ville, og fylte opp resten med passasjerar. Dei fekk
for øvrig ta ferja gratis. Vi fann heller ingen sveler med brunost
og/eller sukker på, men utanom det var ferjeturen i grunn nokså
fin. Vi fekk sjå ut over havet og inn i havna i Mombasa, som faktisk
er den 2. største hamna i Afrika!
Hundrevis av passasjerar som forlét den vesle ferja.
Etter ferjeturen køyrde
vi om lag i ein time før vi kom fram til Kaskazi Beach Hotel. Det er
fantastisk flott med eit stort badebasseng, palmar overalt og strand
rett nedom området. Alle fekk også "all inclusive"-band, så her
skal det drikkast brus og etast mykje! Resten av dagen gjekk med til
lunsj, avslapping ved bassenget, middag og vidare blogg- og
dagbokskriving.
Kwaheri,
helsing Kenya-gjengen!
tirsdag 21. februar 2012
Dag 24 - Kitengela Glass Factory og biltur til Voi
Enkelte av oss har byrja å bli rimeleg lei av den standardiserte
åpningssetninga: «I dag vart frukosten servert ...». Difor måtte
vi tenke nytt, og begynner difor med følgande setning: Frukosten
vart i dag servert klokka 07. Planen for denne dagen var besøk på
Kitengela Glass Factory, samt kjøretur til Voi.
Vår nye bussjåfør, Paul, var litt forsinka, men vi kom oss på
vegen mot glasfabrikken rundt kl. 07.45. Etter dryge 45 minutt var vi
framme. Vi fekk ei visning på området, i tillegg til at vi fekk
demonstrert korleis ein kan lage ei fruktskål. Dette var ei
imponerande oppvisning! På rundt 10 minutt klarte dei å lage ei
flott fruktskål. Vi fekk fortalt at sjølve avkjølingsprosessen tek
18 timar. Etter dette traska vi rundt på det store området, og fekk
sjå mange av produkta dei har laga. Kreativiteten er det ingenting å
utsette på. Glasblåsarhuset såg ut som eit hus teke rett ut av ein
Harry Potter-film! Bruskorkar og andre ting blei til mosaikk på
teglsteinane og veggane på området. Glasfabrikken er nemleg veldig
fokusert på gjenvinning/resirkulering, så mange av produkta var
laga av nettopp brukte gjenstandar. Også glaset dei smeltar om og
lagar nye ting av, er resirkulert.
Her er glasblåsarhuset med dekorasjonar hengande på utsida
Dekorasjonar som dette kunne ein finne over heile området
Perlebutikken. Legg merke til den eventyraktige forma på det vesle huset.
Etter dette besøket køyrde vi tilbake til Cawaal for å ete lunch
og pakke ferdig. Etter planen skulle vi denne ettermiddagen ha teke nattog til Mombasa, men på fredag fekk vi beskjed om at toget har blitt innstilt fram til april!
Difor måtte vi organisere turen annleis. Vi bestemte oss for å
leige ein minibuss og overnatte i Voi. Turen til Voi tok omtrent fem
timar, og vi sjekka inn på Voi Scripture Mission. Her vart vi raskt
teke meget godt i mot og fekk ein guida tur på området av Michael.
Først tok vi ein titt på gårdsprodukta deira. Mellom anna dyrka
dei mango og appelsin. Eit par av oss drista seg faktisk til å smake
på umoden appelsin. Området hadde også 3 "fiskebasseng". Vatnet i desse bassenga vart
leda frå takrennene frå husa. Eventuelle matoverskot vart selde
vidare til lokale. Men hovudsakleg dyrkar dei mat til eiga
sjølvberging.
Vi fekk også ta ein titt innom radiostasjonen deira, og fekk bl.a.
helst på "nyheitsankeret" som straks skulle gå på lufta. Til
kvelds fekk vi servert kylling, ris og poteter, med nokså kalde brus
til!
Kan også legge til at ein ubuden gjest gjorde sitt inntog på badet
denne kvelden. Skodje-representant Mari (vennskapskommunen til Voi!)
vart overraska når ein hoppande frosk spratt rundt på badegolvet,
og frosken måtte pent forlate lokalet når dusj var neste sak på
agendaen. Hakuna Matata!
Bruskorkar støypt nedi golvet
Spegelbitar i dråpeform laga på bestilling frå Anne Berit
Eitt av galleria
Kwaheri,
helsing Kenya-gjengen
Gåvekontoen
Til no har vi vore
så heldige og fått sett fleire spanande og viktige prosjekt. Det
har vore mykje forskjellig og interessant, og det har ikkje vore lett
å kome fram til kven vi vil støtte. Alle prosjekta er unike og
samfunnsutviklande. Etter ein del diskusjon og refleksjon har vi
bestemt oss for å støtte tre ulike prosjekt. Desse er: St. John's
Community Centre i Pumwanislummen, helsestasjonen i Chesta og Chesta
Girls' Secondary School. Vi har enno ikkje bestemt fordelinga, fordi
vi vil sjå kor mykje vi får inn. Det er framleis mogleg å gje
pengegåver fram til 25/2, og kontonummeret er 3991.04.99479
Dersom det er ynskjeleg
kan ein øremerke gåva med eitt av dei tre prosjekta i
kommentarfeltet til dette blogginnlegget. Dette kan også dei
tidlegare givarane gjere. Her kjem litt info om dei tre ulike
prosjekta:
St. John's Community
Centre
St. John's Community
Centre ligg i Pumwani-slummen der det bur omlag 60 000 menneske. St-
John's arbeider for å hjelpe dei som bur i denne slummen og då med
eit spesielt fokus på kvinner. Dei har mange ulike program, og vi
vart veldig imponerte over kor store ringverknader desse får for dei
som bur i slummen. St. John's arbeider til dømes med
haldningsendringar, få til berekraftige bedrifter på grasrotnivå
som er driven av menneska i slummen sjølve, og vidare dreiv dei også
ein skule for borna i slummen. Denne skulen er veldig viktig for å
gi borna grunnlag til vidare utvikling og utdanning, samt for å
halde dei borte frå kriminalitet som det elles er veldig mykje av
her. Dei tilbyr også ein god del fritidsaktivitetar for unge, noko
som er med på å gje dei sjølvkjensle og håp om at dei faktisk kan
utgjere noko, samt gjere dei sjølvstendige til å ta eigne val.
St.John's Community Centre
har god erfaring med å arbeide med ulike prosjekt som dei heile
vegen evaluerar. Dersom dei meiner eit prosjekt ikkje verkar slik det
er meint, prøver dei å betre det eller avsluttar det med ein gong.
Dei følgjer til dømes godt med på pengane som folk støtter dei
med, og ein vil få tilbakemelding om kva desse pengane går til.
Vi har sett at St. John's
sitt arbeid har utgjort mykje positivt i slummen, men at det fortsatt
er ein lang veg å gå. Håper derfor at ved å støtte denne
organisasjonen kan dei vidare hjelpe og utvikle samfunnet i
Pumwani-slummen.
Helsestasjonen i Chesta
(Pokot-området)
Denne helsestasjonen
dekker eit område på heile 30 000 menneske. Både dei som bur oppe
i fjella, og dei nede på slettene må kome hit for å få
behandling. Nokre kan ha ein veg på opptil 50 km. Når ein tenkjer
over kor stort område denne stasjonen skal dekkje, var det ganske
utruleg at dei held til i så små lokale som dei gjer. På eit lite
rom var det til dømes både vaksinering, laboratorium og fødestue –
og alt dette kunne gå føre seg på ein gong!. Dei vanlegaste
sjukdomane er malaria, tyfloid og lungebetennelse. Spesielt utsett er
borna under fem år. På ein dag har dei kapasitet til å behandle 30
pasientar og gje 200 vaksiner. Helsestasjonen har ope kvar dag, og
dei få tilsette har ofte lange arbeidsdagar. Ein har eit
prinsipp om at ein skal dele på utgiftene, ein krev difor ein
eigenandel frå pasientane. Noko særeige ved denne helsestasjonen er
at ingen vert nekta behandling om dei ikkje kan betale for seg. Dei
får då moglegheita til å gjere opp for seg seinare. I praksis er
det eit underskot på 70-100 000 shilling per år (5000 til 7000 NOK). Ein del av dette får dei dekt gjennom kollekt frå
kyrkja,og noko gjennom gåver, men økonomien er ei utfordring.
Det var verkeleg
imponerande å få høyre om dette arbeidet og sjå korleis det vart
organisert. Dei gjer ein stor innsats – trass i dei mange
utfordringane. Dette er også grunnen til at vi har valt å støtte
denne organisasjonen, samt at dei gjev behandling til alle, sjølv om
nokre ikkje kan betale for seg.
Chesta Girls' Secondary
School
Denne internatskulen har
om lag 365 elevar, berre jenter. Dei som studerer her har anten søkt
sjølve eller er redda av skulen. Denne skulen reddar nemleg jenter
frå å verte omskjert og gifta bort ved å halde dei på skulen og
gi dei utdanning. Dette omfattar både jenter med og utan foreldre.
Rektoren ved denne skulen sa at dersom dei får utdanna ei jente i
ein familie, er det stort sannsyn for at også dei andre jentene i
familien vert skåna for omskjering og bortgifting. Skulen følgjer
også opp jentene etter at dei er ferdig og til dei har fått seg jobb.
Pengane vi vil gi til
denne skulen vil gå til å betale skulepengar for dei jentene som
treng det mest. Etter 8. klasse må ein nemleg betale skulegangen
sjølv, og det vert sjølvsagt problematisk for dei som er
foreldrelause eller driv sjølvbergingsjordbruk der pengar er ein
sjeldan ting. Administrasjonen ved Chesta Girls' Secondary School går
gjennom situasjonen til alle elevane, og vel på denne måten ut kven av dei
som treng pengane mest. Eitt års skulegang for ei jente kostar om
lag 2000 NOK. Vi har enno ikkje bestemt oss for kor mange av jentene
vi vil støtte, då dette er avhengig av den endelege gåvesummen og
fordelinga.
Stor takk til alle givarar så langt, helsing Kenya-gjengen.
søndag 19. februar 2012
Dag 23 – Nasjonalmuseum og avslapping
Fridag nummer to! Vi er
tilbake i Nairobi og bur no på Cawaal Guest House, som er like ved
SMCC. Grunnen til at vi ikkje bur på SMCC no, er at dei er fullbooka
pga. ein konferanse. Heldigvis skulle vi få lov til å dra dit
likevel, for vi ville gjerne ha Internett til å oppdatere bloggen,
og så hadde vi veldig lyst til å sole oss og bade.
Klokka 10 vart Mari, Maria
og Kjetil køyrd til SMCC for å jobbe med bloggen, og Ingvild, Anne
Berit og Odd Ragnar køyrde vidare til nasjonalmuseet i sentrum. Der fann vi alle dei flotte og kjende afrikanske dyra til utstilling, men også
mange dyr vi aldri hadde sett. Dei hadde ei avdeling med eldgamle
hovudskallar frå våre forfedre som levde for 1,5-2 millionar år
sidan, som alle var gravne opp i Kenya. Elles hadde dei nesten alle
900 fuglesortane som finst i landet, ei avdeling med Kenya si nyare
historie, og til slutt ei avdeling om livets gang, t.d. korleis dei
feirar at eit barn er fødd.
Vi plukka opp gjengen på
SMCC for å ete lunsj på Cawaal. Dei hadde jobba godt med bloggen
medan dei andre var på museum. Deretter dro heile gjengen tilbake
for å nytte seg av det vesle badeanlegget på SMCC. Vi var
forsiktige med solinga, sidan dei fleste av oss blei solbrente i
nakken og skuldrane i går, til tross for iherdig smøring. Vi såg
at mørke skyar nærma seg, så vi skunda oss å bade litt, men
heldigvis tok det ca to timar før regnet faktisk kom, og då kom det
mykje! Vi fann også tid til å hoppe på trampoline. Kl 18 gjekk vi tilbake til Cawaal for å ete middag og pakke til Mombasa-turen.
Vi har det veldig fint, og håpar alt er bra med kjente og kjære heime i Noreg. Klem frå Kenya-gjengen <3
Dag 22 - Lake Oloindian og Mount Longonot
I dag for vi fyrst til lake Oloindian, rett ved lake Naivasha.
I det vi kom ned til sjøen, var vasskanten full av flamingoar. Det
var eit stilig syn. Vi bestilte båttur slik at vi kunne få sjå
meir av fuglelivet langs denne innsjøen. Vi spurte kor mange
flamingoar det var her, og guiden tippa kring 120 000! Nokre var meir
rosa enn andre. Årsaka til dette er at dei vert meir rosa med
alderen, pga. algane som dei et. Vi fekk sjå både stor og liten
flamingo. Det var ein fin tur, og vi såg også mange flodhestar. I tillegg
såg vi plystrande and. Det var eit yrande fugleliv - eit eldorado
for fugleentusiastar.
Neste post på programmet var Mount
Longonot. Dette fjellet er eit vulkansk fjell, og ligg i
nasjonalparken som heiter Mt. Longonot nasjonalpark. Etter å ha
kome inn i nasjonalparken, gjekk vi i omlag vel ein time. Det var
mange speidarar som også hadde utflukt hit denne dagen. På toppen
såg vi ned i krateret, og det var litt av ei utsikt. Krateret var
veldig stort, og svært grøderikt. Frå toppen kunne vi også sjå
ned på ein parasittvulkan på sida av Mt. Longonot. Vi såg også
korleis dei tidlegare utbrota viste igjen i vegetasjonen. Der det
siste utbrotet hadde gått, var det ei markant grense i skogen. Her
var det mykje meir grøn vegetasjon enn områda rundt. Då vi kom opp, såg vi òg ein stad der det kom opp litt røyk. Vi gjekk dit, og då kjende vi litt svovellukt.
Mount Longonot frå ca fire km avstand
Parasittvulkanen med ei stor, trugande regnsky til venstre
Ein liten del av krateret
Vi gjekk ein liten tur langs kanten av krateret
Etter å ha kome vel ned igjen, sette
vi oss i bilen og køyrde tilbake til Nairobi. Her åt vi middag og
fekk tatt ein dusj.
Helsing Kenya-gjengen!
Abonner på:
Innlegg (Atom)