Klokka 14.00 kom
sjåføren vår og henta oss til sightseeing-turen i Nairobi. Der var
vi innom Uhuru Park, mausoleet til Jomo Kenyatta (1. presidenten til
det frie Kenya) og Jomo Kenyatta Conference Center. Vi køyrde også
forbi Mathareslummen der folk budde tett i tett, skulder mot skulder. Inne i Jomo Kenyatta Conference Center vart vi guida heilt opp
på toppen av den 105 meter høge bygninga. Her fekk vi sett heile
byen så langt auget kunne sjå. Der fortalde guiden vår omtrent alt
som var å vite om Nairobi.
Her er Kenya-gjengen framfor Jomo Kenyatta Conference Center!
Det som slo om
Nairobi var at det er ein by fylt av kontrastar, med alt frå høge
skyskraparar til store slumområde. Uansett om vi var i sentrum av
byen eller i slumområda, var folk generelt veldig fint kledde med
anten fargerike kjolar eller skjorte og slips. Dette kan for så vidt
også ha noko med at det var søndag og folk kler seg fint for å gå
i kyrkje, uansett kva område av byen dei kjem ifrå. Det som vidare
er ganske spesielt med Nairobi er at det ligg ein nasjonalpark vegg i
vegg med byen, der det berre er eit gjerde som skil områda. Her kan
ein finne alt frå løver, giraffar, sebraer og elefantar m.m. Vidare kan
ein finne geiter og kyr inne i byen også, då gjeterane ledar dei dit dei
finn beite.
Etter sightseeinga
kom vi oss tilbake til SMCC der det var arrangert fotball blant dei
norske som held til i eller rundt SMCC-området. Maria og Kjetil slo
seg med og spelte ganske så bra til å vere 1800 meter over havet og
rundt 30 varmegrader. Denne fotballsamlinga vert for så vidt
arrangert kvar onsdag og søndag klokka 17.
Etter fotballen åt
vi middag i spisesalen til SMCC og planla litt kva vi skulle gjere
resten av kvelden. Den brukte vi til å pakke ut og samle saman alle
gåvene vi hadde fått med oss heimefrå og sorterte dette. Her låg
det utfordringar i å brette saman fotballdraktene fint og skikkelig
og bestemme oss for kven av skulane som skulle få kva på besøka
våre. Vidare samla vi oss og skreiv i dagbøkene våre, samt laga
desse første innlegga til bloggen vår. Internettet er litt så som så her,
men vi legg ut innlegga så snart som vi får det til.
Litt av utsikta frå Jomo Kenyatta Conference Center
Søppel ved Mathare-slummen
Tørking av klede
Mathare-slummen
Eit liiiite utval av gåvene som vi fekk med oss frå Noreg!
Helsing Kenya-gjengen!
Veldig kjekt å få fylgje med på turen og få god og interesann kunnskap om Kenya. Lykke til på turen vidare!
SvarSlettCarmen.
Kjempeflott å få følge med dere på turen, flotte bilder! Vi er spente på fortsettelsen....
SvarSlettSer ut som dere har det flott. Hold dere friske!!!
Gunnar og Torhild