Hei hei! :)
Då er det dagen før dagen, og eg reknar med vi er alle ganske reiseklar og spente!
Eg har gått over pakkeliste etter pakkeliste og pakka inn og ut av bagen opp til fleire gongar, men no er eg ganske sikker på at alt skal vere på plass :)
Læraren vår, Odd Ragnar Hunnes, har allereie kome seg til Kenya. Han reiste ned førre fredag for å lage alt i stand til oss kjem natt til søndag. Vi får stadig oppdateringar frå han på Fronter, og den siste meldinga var ei skikkelig gladmelding der han medelte at han hadde sjekka gåvekontoen vår og den inneholdt eit svimlande beløp på heile 12 850 kr! Dette er vi utruleg takksame for, så dette fortjena med rette ein hjarteleg stor TAKK! :-)
Vidare vil vi også takke alle som har sponsa oss med ting som vi skal ha
med ned til Kenya: Volda Turn og Idrettslag, Volda Handball, KFUM
Volda, Sport 1 Volda, G-Sport Volda, Intersport Ørsta, Sparebanken Møre
Volda, Sparebank 1 Volda Ørsta, Nordea Volda, Byggfag, Libris Ørsta,
Nille Volda og Ringo Volda.
I morgon er vi altså klar for avreise! Vi skal fly med Turkish Airlines frå Gardermoen kl 12.25 og mellomlande i Istanbul, før vi landar i Nairobi kl 02.10. Det vert altså ei lang reise, men er sikker på at det vil vere verdt det! :)
Følg med vidare på bloggen vår!
Helsing Mari!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar