Laurdag klokka 09.30 møttast vi alle
til innskjekking på Gardermoen. Til Gardermoen kom vi oss på litt
ulike måtar. Nokre tok nattbuss og nokre tok fly.
Vi skulle fyrst ta fly til Istanbul,
der vi skulle skifte fly som skulle frakte oss vidare til Nairobi.
Flyet frå Oslo skulle eigentleg lette klokka 12.25, men letta ikkje
før over ein time seinare. Flyturen til Tyrkia gjekk fint, men på grunn
av forseinkingane førte dette til at vi fekk svært dårleg tid då
vi landa. Med god hjelp frå personalet på flyplassen vart vi guida gjennom snarvegar forbi alle køane, og slik rakk vi
akkurat flyet vidare til Nairobi. På 10 minutt kom vi frå det eine
flyet til det andre! Resten av turen til Kenya varte i ca. seks timar,
og vi landa i Nairobi ca. 02.20. Men hugs at vi ligg to timar før Noreg, så dette blir 00.20 norsk tid.
Før vi kunne reise til Scripture Mission Conference Center (SMCC) for å sove, måtte vi søke om visum, og dette tok litt tid. Etter det fekk vi henta bagasjen vår. All bagasjen bortsett frå eitt kolli kom til rette. Denne kjem forhåpentlegvis med neste fly natt til måndag. Hakuna matata!
På flyplassen vart vi henta av Odd Ragnar og sjåføren som tok oss til SMCC. Rundt klokka 05, slitne og trøytte, var vi på plass på romma og klare til å legge oss.

Kjetil og Maria på flyturen til Istanbul
Ingvild og Anne Berit, letta over å rekke flyet til Nairobi!
Flyplassen i Nairobi klokka 03.30. Karibu/Velkommen!
Helsing Kenya-gjengen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar