Hei og hå! :-D
No er det berre 17 dagar igjen til avreise, og vi gleder oss veeeeeldig!

Tenkte vi skulle informere litt om gåvekontoen som vi har oppretta. På denne studieturen skal vi kjøpe litt gåver som vi vil dele ut til elevane på dei ulike skulane vi skal besøke. Det vil vere alt frå skriveblokker, blyantar, viskelær, pennar, fotballar m.m. Vidare skal vi også på slutten av turen bestemme oss for ein organisasjon som vi vil gi pengar til. I høve til dette har vi oppretta ein konto som vi vil setje inn pengar på, og det er desse pengane vi vil bruke til å kjøpe gåver til elevane og til å støtte den organisasjonen som vi vel oss ut.
Dersom du har lyst til å sponse oss med dette kan du setje inn pengar på kontonummeret: 3991.04.99479. Merk med namn og du vil få tilsendt et takkebrev der det mellom anna vil stå kva desse pengane vart brukt på.
Vi takkar for alle som vil bidra oss med dette! :-)
Hei!
SvarSlettDette ser fantastisk spennande ut! Er sikker på dokke får ein kjekk, lærerik og givandes tur.
God tur og lykke til med prosjekta dokka :)
Åse