mandag 30. januar 2012

Dag 2 - Sightseeing i Nairobi

I dag var det opp til oss sjølve kva tid vi ville stå opp, så lenge vi hadde fått i oss noko mat og var klare til å reise til Nairobi klokka 14.00. Mari, Maria og Ingvild var dei første som stod opp og fekk derfor ein guida tur frå Odd Ragnar rundt om på tomta til SMCC. Denne tomta er på heile 80 mål og inneheld alt frå basseng, badstue, leikeplassar, fotballbane, volleyballbane og trampoline til kontorbygg, konferansebygg, gjestehus, verkstad m.m. Området er gjerda inne med elektrisk gjerde som dei slår på om natta. Her er også tre vakter og hundar som passa på. Så her er det altså nokså trygt!

Klokka 14.00 kom sjåføren vår og henta oss til sightseeing-turen i Nairobi. Der var vi innom Uhuru Park, mausoleet til Jomo Kenyatta (1. presidenten til det frie Kenya) og Jomo Kenyatta Conference Center. Vi køyrde også forbi Mathareslummen der folk budde tett i tett, skulder mot skulder. Inne i Jomo Kenyatta Conference Center vart vi guida heilt opp på toppen av den 105 meter høge bygninga. Her fekk vi sett heile byen så langt auget kunne sjå. Der fortalde guiden vår omtrent alt som var å vite om Nairobi.

Her er Kenya-gjengen framfor Jomo Kenyatta Conference Center!
 

Det som slo om Nairobi var at det er ein by fylt av kontrastar, med alt frå høge skyskraparar til store slumområde. Uansett om vi var i sentrum av byen eller i slumområda, var folk generelt veldig fint kledde med anten fargerike kjolar eller skjorte og slips. Dette kan for så vidt også ha noko med at det var søndag og folk kler seg fint for å gå i kyrkje, uansett kva område av byen dei kjem ifrå. Det som vidare er ganske spesielt med Nairobi er at det ligg ein nasjonalpark vegg i vegg med byen, der det berre er eit gjerde som skil områda. Her kan ein finne alt frå løver, giraffar, sebraer og elefantar m.m. Vidare kan ein finne geiter og kyr inne i byen også, då gjeterane ledar dei dit dei finn beite.

Etter sightseeinga kom vi oss tilbake til SMCC der det var arrangert fotball blant dei norske som held til i eller rundt SMCC-området. Maria og Kjetil slo seg med og spelte ganske så bra til å vere 1800 meter over havet og rundt 30 varmegrader. Denne fotballsamlinga vert for så vidt arrangert kvar onsdag og søndag klokka 17.

Etter fotballen åt vi middag i spisesalen til SMCC og planla litt kva vi skulle gjere resten av kvelden. Den brukte vi til å pakke ut og samle saman alle gåvene vi hadde fått med oss heimefrå og sorterte dette. Her låg det utfordringar i å brette saman fotballdraktene fint og skikkelig og bestemme oss for kven av skulane som skulle få kva på besøka våre. Vidare samla vi oss og skreiv i dagbøkene våre, samt laga desse første innlegga til bloggen vår. Internettet er litt så som så her, men vi legg ut innlegga så snart som vi får det til.

Litt av utsikta frå Jomo Kenyatta Conference Center


Søppel ved Mathare-slummen


Tørking av klede


Mathare-slummen


Eit liiiite utval av gåvene som vi fekk med oss frå Noreg!


Helsing Kenya-gjengen!

Dag 1 - Flyturen til Kenya

Laurdag klokka 09.30 møttast vi alle til innskjekking på Gardermoen. Til Gardermoen kom vi oss på litt ulike måtar. Nokre tok nattbuss og nokre tok fly.

Vi skulle fyrst ta fly til Istanbul, der vi skulle skifte fly som skulle frakte oss vidare til Nairobi. Flyet frå Oslo skulle eigentleg lette klokka 12.25, men letta ikkje før over ein time seinare. Flyturen til Tyrkia gjekk fint, men på grunn av forseinkingane førte dette til at vi fekk svært dårleg tid då vi landa. Med god hjelp frå personalet på flyplassen vart vi guida gjennom snarvegar forbi alle køane, og slik rakk vi akkurat flyet vidare til Nairobi. På 10 minutt kom vi frå det eine flyet til det andre! Resten av turen til Kenya varte i ca. seks timar, og vi landa i Nairobi ca. 02.20. Men hugs at vi ligg to timar før Noreg, så dette blir 00.20 norsk tid.

Før vi kunne reise til Scripture Mission Conference Center (SMCC) for å sove, måtte vi søke om visum, og dette tok litt tid. Etter det fekk vi henta bagasjen vår. All bagasjen bortsett frå eitt kolli kom til rette. Denne kjem forhåpentlegvis med neste fly natt til måndag. Hakuna matata!

På flyplassen vart vi henta av Odd Ragnar og sjåføren som tok oss til SMCC. Rundt klokka 05, slitne og trøytte, var vi på plass på romma og klare til å legge oss.

 Kjetil og Maria på flyturen til Istanbul


Ingvild og Anne Berit, letta over å rekke flyet til Nairobi!


Flyplassen i Nairobi klokka 03.30. Karibu/Velkommen!


Helsing Kenya-gjengen!

fredag 27. januar 2012

Dagen før dagen!

Hei hei! :)

Då er det dagen før dagen, og eg reknar med vi er alle ganske reiseklar og spente!
Eg har gått over pakkeliste etter pakkeliste og pakka inn og ut av bagen opp til fleire gongar, men no er eg ganske sikker på at alt skal vere på plass :)

Læraren vår, Odd Ragnar Hunnes, har allereie kome seg til Kenya. Han reiste ned førre fredag for å lage alt i stand til oss kjem natt til søndag. Vi får stadig oppdateringar frå han på Fronter, og den siste meldinga var ei skikkelig gladmelding der han medelte at han hadde sjekka gåvekontoen vår og den inneholdt eit svimlande beløp på heile 12 850 kr! Dette er vi utruleg takksame for, så dette fortjena med rette ein hjarteleg stor TAKK! :-)

Vidare vil vi også takke alle som har sponsa oss med ting som vi skal ha med ned til Kenya: Volda Turn og Idrettslag, Volda Handball, KFUM Volda, Sport 1 Volda, G-Sport Volda, Intersport Ørsta, Sparebanken Møre Volda, Sparebank 1 Volda Ørsta, Nordea Volda, Byggfag, Libris Ørsta, Nille Volda og Ringo Volda.
I morgon er vi altså klar for avreise! Vi skal fly med Turkish Airlines frå Gardermoen kl 12.25 og mellomlande i Istanbul, før vi landar i Nairobi kl 02.10. Det vert altså ei lang reise, men er sikker på at det vil vere verdt det! :)

Følg med vidare på bloggen vår!

Helsing Mari!

onsdag 11. januar 2012

Gåvekonto

Hei og hå! :-D
 
No er det berre 17 dagar igjen til avreise, og vi gleder oss veeeeeldig!

Tenkte vi skulle informere litt om gåvekontoen som vi har oppretta. På denne studieturen skal vi kjøpe litt gåver som vi vil dele ut til elevane på dei ulike skulane vi skal besøke. Det vil vere alt frå skriveblokker, blyantar, viskelær, pennar, fotballar m.m. Vidare skal vi også på slutten av turen bestemme oss for ein organisasjon som vi vil gi pengar til. I høve til dette har vi oppretta ein konto som vi vil setje inn pengar på, og det er desse pengane vi vil bruke til å kjøpe gåver til elevane og til å støtte den organisasjonen som vi vel oss ut.
  
Dersom du har lyst til å sponse oss med dette kan du setje inn pengar på kontonummeret: 3991.04.99479. Merk med namn og du vil få tilsendt et takkebrev der det mellom anna vil stå kva desse pengane vart brukt på.

Vi takkar for alle som vil bidra oss med dette! :-)

Fakta om Kenya

Befolkning: 40 046 566
Hovudstad: Nairobi (3 138 295 innbyggjarar i 2009)
Lokalisering: Aust-Afrika, ved ekvator
Offisielt språk: Swahili og engelsk
Valuta: Kenyansk shilling
Nasjonaldag: 11. desember
Høgaste punkt: Mt. Kenya, 5199 m.o.h (nest høgast i Afrika)
Lengste elv: Tana, 1014 km
Religion: Kristendom, naturreligionar, islam
Styresett: Representativt demokrati. Presidentstyre. 

50% av befolkninga lever under fattigdomsgrensa på éin dollar om dagen













Klima
Kenya er solrikt heile året. Det har ei lang og ei kort regntid. Den lengste startar i mars/april og varer til mai/juni. Den korte varar frå oktober til november/desember. Den varmaste perioden er i februar og mars, altså når vi er der. I Mombasa (kystby) er gjennomsnittstemperaturen i den varmaste delen av året 30,3 grader, og i Nairobi (ca 1800 m.o.h.) er den 25,2.  

Næringsliv:
Jordbruket er den største næringa. Mange på landsbygda har sine eigne jordlappar, elles er det mange som jobbar på store kaffe- eller teplantasjer - eller på kvegfarmer. Kaffi og te er dei største eksportvarene i Kenya. 

Skule & utdanning:
Grunnskulen i Kenya er gratis (opp til 7. klasse). Det at vidare skule kostar pengar er nok grunnen til at mange droppar ut etter grunnskulen. Ca 25% av den vaksne befolkninga er skrive- og lesekunnige. Det meste av undervisninga skjer på engelsk.

(kjelde: Wikipedia og Daria)


















Litt Swahili:
Velkomen - Karibu
Hei/hallo - Habari/jambo
Korleis har du det? Fint - Habari gani? Nzuri
Kjekt å møte deg - Nafurahi kukuona
Hade - Kwaheri
Ha ein fin dag! - Nakutakia siku njema!
Unnskyld  - Samahani (få merksemd og beklage)
TAKK - Asante sana
Nei takk - La asante
Kor er toalettet? - Choo kiko wapi?
Får eg lov å ta bilde? - Naomba kupiga picha?
Løve - Simba
Øl - Bia
Denne kjekke karen betalar for ALT - Mtu huyu atalipia kila kitu
Eg elskar deg - Ninakupenda
Sov godt - Lala salama
God tur - Safari njema
Roleg no...  - Pole pole!

tirsdag 10. januar 2012

Velkomne til Kenya-bloggen


Hei!

Vi er fem studentar ved Høgskulen i Volda som går skuleretta samfunnsfag. Dette semesteret tek vi blant anna 15 studiepoeng om Afrika, og i den forbindelse skal vi reise til Kenya. Læraren som skal bli med oss, Odd Ragnar Hunnes, er ein sann Afrika-entusiast. Han har reist til Kenya med studentar i mange år, og han har også vore i mange andre land i Afrika. Vi reiser laurdag den 28. januar, og vi skal etter planen lande på norsk jord igjen den 26. februar. 

Med denne bloggen skal det bli enklare for familie, vener og resten av klassa i Noreg å følgje med på kva vi opplever. De skal få høyre om alt vi gjer, dag for dag, men det kan av og til gå fleire dagar mellom kvar gong vi har tilgjenge på Internett, så ver tolmodig :)

Her er programmet vårt:


Date
Day

Program

Comment
28.01
Sa
Leave Gardermoen airport Oslo
Plane leaves at 1225
29.01
Su
Arrive Jomo Kenyatta Airport Nairobi  
Arrive airport 0210. Relax
Afternoon: Sight seeing Nairobi
Overnight SMCC Nairobi
30.01
Mo
Lectures:
0900 – 1100: Norwegian People’s Aid in East Africa
1100 – 1300 Norwegian Church Aid in Kenya
1500 – 1630 Scripture Mission East Africa


Overnight SMCC Nairobi
31.01
Tue
0800 – 1600: Visit St. John Community Centre in Pumwani slum
Overnight SMCC Nairobi
01.02
We
0800 – 1400: School visit
1630 – 1800: Lecture on ‘Kenya today’
BG arrives in the morning
Jostein Holmedal & Simon
Overnight SMCC Nairobi
02.02
Thu
0830 – 1600: Visit Thogoto Teacher Training College in Nairobi

Overnight SMCC Nairobi
03.02
Fr
0600: Departure for Chesta

Leave 0600, 10 – 12 hours drive
Overnight Chesta guest house
04.02
Sa
0900: Visit Dispensary (health station)
1030: Market in Lomut
1400: Mountain climb (Sakat)
Climb 3 – 4 hours, two persons pr. rucksack. Warm clothes for the night. Stay over night in local dwellings in Sakat
05.02
Su
1000: Church service in Sakat
Return to Chesta: rest

Overnight Chesta guest house
06.02
Mo
Morning: Visit Chesta Girl’s Secondary School / CaBeSi site / group performing traditional music / dance
1500: Departure for Kapenguria



Overnight KBC
07.02
Tue
Morning: Lectures about Pokot culture
Afternoon: Visit CaBeSi site in Makutanu, Alfred’s Curio


Overnight KBC
08.02
We
Morning: School Chewoyet Secondary School
Afternoon: Kitale Nature and Kitale town


Overnight KBC
09.02
Thu
0700: Leave for Kisumu.
On the road: Visit sugar factory
Afternoon: Visit Peche Foods (fish factory at Lake Victoria)
Lunch in Kisumu

Overnight Sunset Hotel Kisumu
10.02
Fr
0700: Leave for Masaai Mara National Park
Buy food for lunch in Kisii
Overnight in Masaai Mara National Park.
11.02
Sa
Masaai Mara National Park
Return to Nairobi
Lunch in park
Overnight SMCC Nairobi
12.02
Su
At disposal
Overnight SMCC Nairobi
13.02
Mo
0830 – 1600:  UN HABITAT
Overnight SMCC Nairobi
BG leaves in the evening
14.02
Tue
0900 – 1700: Kenyatta University
Over night KU guesthouse Nairobi
15.02
We
School visit Muranga: Kahatia Secondary School
Visit coffee factory

Over night Mt. Kenya / Green Hills hotel, Nyeri
16.02
Thu
Visit Gathuiti Tea Facory Ltd. Nyeri.
Continue for Mt. Kenya
Over night Mt. Kenya / Green Hills hotel, Nyeri
17.02
Fr
Mt. Kenya / travel to Nakuru, visit Menengai crater
Over night Mt. Kenya / Stem Hotel, Nakuru
18.02
Sa
Mt. Kenya / Lake Elementaita, Mt. Longonot, return Nairobi
Overnight Nyeri / SMCC Nairobi
19.02
Su
At disposal
Overnight SMCC Nairobi
20.02
Mo
Morning: Kitengela Glass factory
1700: Departure for train to Mombasa
Night train
21.02
Tue
Arrive Mombasa.
Afternoon: Project work
Over night Kazkazi hotel Mombasa
22.02
We
Morning – early afternoon: Mombasa Town
Late afternoon: Project work
Overnight Kazkazi hotel Mombasa
23.02
Thu
0700 – 1700: Shimoni National Park/ Project work (optional)
Overnight Kazkazi hotel Mombasa
24.02
Fr
Return to Nairobi
Regular bus line 8 – 9 hours drive
Overnight SMCC Nairobi
25.02
Sa
Prepare for travel home
Leave for Jomo Kenyatta Airport 1200
Plane leaves at 0340 AM
26.02
Su
Arrive at Gardemoen airport Oslo
Arrive at 1455